Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Eitt nytt smittetilfelle i Øygarden

I dag kom det melding om at eín ny person frå Øygarden er smitta av koronaviruset.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

 

11 personar er i karantene som følgje av det siste smittetilfellet. Smittevernlege Jens Eikås opplyser at det er god kontroll på smittesporinga.

Det vert vanlegvis testa mellom 90 og 120 personar dagleg i Øygarden. Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det førebels er påvist lite smitte i Øygarden med tanke på at såpass mange vert testa.

- Eg vil rosa alle dei tilsette som står i dette viktige arbeidet, seier ordføraren.

Totalt har 63 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte. Fire personar er no i isolasjon med påvist koronasmitte.