Eingongstiltak og investeringar gjev svekka driftsbudsjett

Samla driftsbudsjett for dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden for 2019 er svekka samanlikna med tidlegare år som følgje av eingongstiltak og store investeringar. Det går fram av uttalen fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok på møtet i dag.

Arkivfoto. Frå møtet i fellesnemnda den 19. november i fjor.  Møtet vart leia av Marianne Sandahl Bjorøy. - Klikk for stort bileteArkivfoto. Frå møtet i fellesnemnda den 19. november i fjor. Møtet vart leia av Marianne Sandahl Bjorøy.

I uttalen går det fram at samla driftsbudsjett er stramt og krevjande og noko unna målsetjinga om økonomiske balanse. Samla investeringar i 2019 utgjer om lag 525 millionar kroner, noko som legg press på drifta. Det vert vist til at intensjonsavtalen har klare mål om å få økonomien i balanse, og for å realisera dette vil det krevjast stram prioritering både i drift og investering dei neste åra.

Orientering om administrativ organisering nivå 2

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte om arbeidet med å fastsetja den administrative organiseringa for nivå 2. Etter konseptfasen er det utarbeidd fem hovudprosjektrapportar basert på 35 delprosjektrapportar. Etter planen skal det gjerast vedtak om nivå to i organisasjonen innan 11. mars (orientering og ev. prinsippvedtak i fellesnemnda) og leiarstillingar på nivå to innan 30. april. Plassering i stillingar i den nye kommunen skal etter planen vera gjennomført seinast 21. juni. Avgjerdene om lokalisering av tenestene/avdelingar skal skje innan 31. oktober. Alle tilsette skal få informasjonsskriv om rettane og pliktene deira i prosessen.

Fellesnemnda tok prosjektrapportane til orientering. Fellesnemnda ber om frist til 15. februar for å få høve til å koma med skriftlege innspel til prosjektrådmannen for vurdering. Innspela skal følgja saka vidare.

På møtet kom det fleire innspel frå medlemene i fellesnemnda. Prosjektleiar Rune Lid takka for innspela og vil ta med seg synspunkta i det vidare arbeidet med organiseringa.

Treng avklaringar før val av leverandør av renovasjonstenester

Fellesnemnda vedtok at det skal gjennomførast avklaringsrundar med BIR AS (renovasjonsselskap i bergensområdet) før det vert gjort endeleg vedtak om renovasjonsleverandør. Avklaringsrundane vil synleggjera nødvendige føresetnader, premissar og konsekvensar. Det vart også vedteke å gå nærare gjennom kontraktane til FjellVAR AS så raskt som mogleg. Dette er nødvendig for å førebu eventuell konkurranseutsetjing dersom FjellVAR (ØYVAR i 2020) vert vald som renovasjonsleverandør. Det vart også vedteke at prosjektrådmannen saman med Harris advokatfirma AS skal utgjera eit forhandlingsutval som utfører oppdraga. Fellesnemnda valde Marianne Sandahl Bjorøy og Kari-Anne Landro som representantar til forhandlingsutvalet. Fellesnemnda skal fatta endeleg avgjerd når nødvendige avklaringar er gjennomførte. På basis av dette vert det utarbeidd ei ny sak.

Den 18. juni i fjor vedtok fellesnemnda å fusjonera SundVA med FjellVAR som får det nye namnet ØyVA(R). Det vart også vedteke å be prosjektrådmannen om å utarbeida ei fagleg og økonomisk utgreiing om ulike løysingsalternativ for renovasjonstenestene som syner fordelar og ulemper for innbyggjarane samt ei konsekvensanalyse som avdekkjer ulike økonomiske forhold ved å behalda renovasjonstenestene i ØyVAR eventuelt i BIR.

Oppretting av interimsstyre Sund VA og FjellVAR

Det vart vedteke å oppretta eit interimsstyre som skal stå for arbeidet med å kvalitetssikra og samordna prosessen med å fusjonera dei to selskapa Sund VA og FjellVAR. Styra i selskapa peikar ut eitt styremedlem kvar. Kvart av selskapa peikar ut eitt medlem blant dei tilsette, og Øygarden kommune peikar ut ein politisk medlem som skal representera deira kommune. I vedtaket heiter det mellom anna at fusjonen vert usett nokre månader ut i 2020 slik at han kan gjennomførast med rekneskapsmessig kontinuitet.

Utkast til vedtekter for føretaket Øygarden Brann- og redning (ØBR KF)

Det låg føre utkast til vedtekter for føretaket «Øygarden brann og redning». Fellesnemnda legg til grunn at utkastet kan vera eit god grunnlag før endeleg vedtak. Forslaget vert sendt til ØBR IKS for vidare diskusjon, drøfting og uttale. Fellesnemnda ber ØBR IKS å utarbeida forslag til driftsavtale og verksemdsplan. Endeleg vedtak om vedtekter, verksemdsplan og driftsavtale vert gjort i fellesnemnda i juni.

Lokaldemokrati og identitet, rapport frå arbeidsgruppa – rekneskap 2018 – budsjett 2019.

Det er utarbeidd rapport og rekneskap for 2018 frå arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa vert lagt ned, men det er laga ein plan for korleis administrasjonen kan arbeida vidare med og følgja opp tiltak ut frå framlegg til budsjett for 2019. Fellesnemnda vedtok med 11 mot seks røyster budsjett for 2019 med ei ramme på 710 tusen kroner. Mindretalet (Arbeidarpartiet, Venstre og Senterpartiet sine medlemer) røysta for ei budsjettramme på 510 tusen kroner slik prosjektrådmannen hadde gått inn for. I mindretalet sitt framlegg til budsjett var ikkje deltaking på OTD-messe i Stavanger teke med.

Overgang til Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda tok saka til orientering og la føringane i saka til grunn for det vidare arbeidet med overgangen til Nye Øyarden kommune. Det vert oppretta ein programkomité som utarbeider ein arrangementsplan og budsjett for å finansiera tiltak. Budsjettet vert lagt fram for godkjenning i fellesnemnda. Programkomiteen vert sett saman av dei tre ordførarane og lag og organisasjonar i tillegg til representantar frå administrasjonen.

Før  behandlinga av sakene, var det orientering om StimuLab-prosjektet «Samordna teneste for utsette barn og unge og deira pårørande – ny teneste i ny samanslått kommune» v/ prosjektleiar Kristina Espeseth, prosjektstatus Nye Øygarden kommune v/ prosjektrådmann Rune Lid.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.02.2019
Fann du det du leita etter?