Ei ære å få denne prisen

Måndag kveld vart Arne Asphaug tildelt kulturminneprisen til Sund Sogelag for 2022.
- Eg oppfattar dette som ei ære, seier prisvinnaren.

Frå venstre; Gerhard Inge Storebø, Arne Asphaug og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå venstre; Gerhard Inge Storebø, Arne Asphaug og Tom Georg Indrevik


Det var duka til fest i Nordsjøfartsmuseet då kulturminneprisen skulle delast ut for andre gong. Prisen er eit heidersteikn for framifrå innsats i arbeidet med å ta vare på kulturminne i Sund.

- Du får prisen for ditt omfattande arbeid med å dokumentera lokal historie frå vårt område. Du får honnør for at det du har skrive byggjer på omfattande kjeldestudium og gode samtaler med eldre menneske. Du får og honnør for at du formidlar historia i eit lesarvenleg språk, heiter det i grunngjevinga lest opp av leiar i styret for sogelaget, Gerhard Inge Storebø.

Storebø sa at sogelaget set stor pris på samarbeidet Asphaug har hatt med Olav Toft om boka “Kystkulturen i Sund bygdemuseum”.

- Me kan fornemma Olav Toft si forteljarglede i teksten din. Det er verdifullt at historia knytt til gjenstandane i samlinga har vorte dokumentert og at me får kunnskap om levemåten til dei sundsokningane som i si tid nytta gjenstandane. Dette vil vera til god hjelp i vidare omvising i samlinga, sa Storebø.

Det var songinnslag ved Linda Ekanger og Kåre Glesnes - Klikk for stort bileteDet var songinnslag ved Linda Ekanger og Kåre Glesnes.


Ordførar Tom Georg Indrevik gratulerte Arne Asphaug med prisen.

- Jobben du gjer er uvurderleg. Eg håpar du kvar dag kan gle deg over prisen. Du må ta dette som ei ære og respekt for alt det du har formidla, sa ordføraren.

Arne Asphaug har studert historie med særleg vekt på lokalhistorie på Møre og Romsdal distriktshøgskule. Han har studert på Universitetet i Bergen og Volda lærarskule og er adjunktutdanna samansett av ex. phil og kristendomskunnskap. Han fullførte adjunktutdanninga i 1981. Han har praktisert som lærar i Sund, Askøy, Finnmark og tre års yrkeserfaring som anleggsarbeidar. 

Han har skrive ei lang rekkje bygdebøker, først og fremst frå gamle Sund og gamle Øygarden kommune. Her kan du lesa bibliografien til Arne Asphaug. (PDF, 71 kB)

I mange av bøkene skildrar han historia fortalt av personar på eit lesarvennleg språk. Han har også skrive mange artiklar i Havstrilen.

Frå venstre Nicolai Hamre (Krossfjord), Gerhard Inge Storebø, Arne Asphaug, Tom Georg Indrevik og Marit Hamre (Krossfjord) - Klikk for stort bileteFrå venstre Nicolai Hamre (Krossfjord), Gerhard Inge Storebø, Arne Asphaug, Tom Georg Indrevik og Marit Hamre (Krossfjord).


Stor ære

Arne Asphaug er varsam når han skal snakka om seg sjølv og produksjonane sine. Uansett set har stor pris på å få kulturminneprisen 2022.

- Det var sikkert mange gode kandidatar til prisen. Eg ser på dette som ei stor ære. Eg er glad for at nokon legg merke til arbeidet eg har gjort i mange år, seier han.

I takketalen stilte han sjølv spørsmålet om kvifor han har drive på med dette.

- Vel, eg er interessert i eigne røter. Det er detektivarbeid, og det er som å leggja puslespel. Det handlar om å jobba systematisk. Det er kjekt å tolka kjelder og forstå, det vil seia sjå og skjøna kva samfunnet i dag har som grunnmur eller veks ut av og å verta klar over vår felles kulturelle identitet, sa han.

Talen hans var i stor grad prega av takk. Han takka ei lang rekkje samarbeidspartnarar, mellom anna Sparebanken Vest og Krossfjord AS som har sponsa sogelaget og arrangementet måndag kveld.

Arne Asphaug legg ikkje skjul på at det er økonomisk krevjande å skriva bygdebøker slik han har gjort. Samarbeidet med dei to gamle kommunane, Sund og Øygarden, har vore avgjerande for å få realisert bokprosjekta.

På arrangementet på Nordsjøfartmuseet var det helsingar frå Sverre Sangolt, Ivar Steinsland og Marit Hamre. Det var song ved Linda Ekeland (solist) og Kåre Glesnes (gitar). Det var også diktlesing og opplesing av utdrag frå bøkene til Arne Asphaug.


Tekst og foto: Vigleik Brekke