Aktuell informasjon

- Eg håpar du ser meg!

Andrine Torsvik er ein av om lag 500 førsteklassingar i Øygarden som kjenner på den dirrande spenninga framfor skulestart.
- Eg gler meg, men eg er heilt ny i trafikken, minner ho om i videoar som no vert spreidde i sosiale medium.


Denne veka er det oppstart av haldningskampanjen i regi av Øygarden kommune. I forkant og ei stund etter skulestart vert det på ulikt vis minna om kor viktig det er å ta omsyn til elevane og dei andre mjuke trafikantane. 

Andrine Torsvik bur på Rong og har sin første skuledag torsdag 18. august på Rong skule. Mor til Andrine, Cecilie Vardøy Torsvik, er oppteken av trafikktryggleiken for elevane. På videoane møter du både Andrine og Magnus Folland som skal gå på Foldnes skule. 

- Me tykkjer det er viktig med fokus på trygg trafikk. Me har ingen å mista og me veit kor lett det kan skje uhell i trafikken. Ved å bidra her, håpar me at fleire er merksame no når våre uerfarne førsteklassingar skal ut på vegen, seier Cecilie Vardøy.

Magnus Folland har sin første skuledag 18.  august. Her er han saman med mora, Marit - Klikk for stort bileteMagnus Folland har sin første skuledag 18. august. Her er han saman med mora, Marit. 

I juni vedtok Øygarden kommune å setja av midlar til trafikkhaldningskampanjar. I august vert det lagt vekt på trafikktryggleik, medan kampanjen i september vert knytt opp mot mobilitetsveka og har god trafikkflyt som hovudtema.

Andrine Torsvik og Isabella Shirzad gler seg til skulestart. - Klikk for stort bileteAndrine Torsvik (til venstre) og Isabella Shirzad gler seg til skulestart.Ulike videoar på sosiale medium skal minna oss om kor viktig det er å ta omsyn til elevane som skal gå eller sykla til og frå skulen. Fem tusen barn og unge i Øygarden er på skulevegen frå 18. august.

- No ved skulestart oppmodar vi alle som køyrer å ta omsyn til at det er ekstra mange uerfarne mjuke trafikantar langs vegane. Ikkje minst må vi hugsa på at mange elevar må kryssa vegbana, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Ein av videoane vert avslutta med forventninga Andrine har til skulestart.

- No ser eg skulen min, eg er spent. Føtene mine klarar ikkje å stå stille!  Eg gler meg!


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her finn du meir informasjon om skulestart