- Eg gjer borgarplikta mi - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

- Eg gjer borgarplikta mi

Elisabeth Korneliussen var ein av dei som fann vegen til røystelokalet på Hjelteryggen skule i dag.

Elisabeth var mellom dei som røysta på sjølve valdagen. - Klikk for stort bileteElisabeth var mellom dei som røysta på sjølve valdagen. 

Elisabeth Korneliussen seier at ho alltid har nytta seg av røysteretten.

- Eg hadde bestemt meg i god tid og kunne slik sett ha røysta på førehand, seier ho. Ho er glad for at det er eit vallokale nær heimen.

I Øygarden er det 13 vallokale.  Alle vallokala er opne til klokka 21.00. Ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Atle Dåvøy tok turen innom alle vallokala i dag.

Orførar Tom Geprg Indrevik og varaordførar Atle Dåvøy var innom valllokalet på Hjelteryggen litt før klokka 13.30. - Klikk for stort bileteOrførar Tom Geprg Indrevik og varaordførar Atle Dåvøy var innom valllokalet på Hjelteryggen litt før klokka 13.30. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 





Leiar av røystestyret på Hjelteryggen, Kirsten Syljeset seier at det har vore ein jamt sig i vallokalet utover måndagen. Ettersom talet på førehandsrøyster har auka kraftig ved dette valet, vert det venteleg færre som møter i vallokala enn ved sist val.

Her er meir informasjon om valet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke