Du kan søkja om forskot på dagpengar

Frå måndag 30. mars er det mogleg å søkja om forskot på dagpengar frå NAV. Dette gjer det mogleg å få utbetalinga før påske.

Klikk for stort bilete 

Nærare tre hundre tusen arbeidstakarar har dei siste vekene søkt på dagpengar frå NAV fordi dei er vortne permitterte elle sagt opp. Frå i dag av (30. mars) er det mogleg å søkja om forskot frå NAV. Pengane vert då utbetalt før påske.

Den store auken i talet på søknader om dagpengar kan føra til ei kritisk lang saksbehandlingstid. Regjeringa vedtok difor på fredag at NAV kunne forskottera delar av dagpengegrunnlaget.

NAV forskotterer for ein månad. Beløpet vil vera om lag 60 prosent av tidlegare løn opp til 6G (600 000). NAV held tilbake 25 prosent av forskotsbeløpet til forskotstrekk for skatt, som vert berekna etter skattekortet når saka er ferdig behandla. Forskotet vil så verta avrekna mot det endelege dagpengevedtaket, når det ligg føre.

heimesida til NAV kan du lesa meir og søkja om dagpengar på forskot.