No kan alle kulturutøvarar i alderen 18 - 25 år søkja om Drømmestipendet.
Om drømmestipendet
Kvart år deler Drømmestipendet ut 30 000 kr til femti unge kunst- og kulturutøvarar frå heile Noreg. Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd. Stipendordninga blei etablert i 2004, og sidan den gang har ein lang rekke unge kunst- og kulturutøvarar motteke stipendet.
Du kan søkja om Drømmestipendet i kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.
På nettsida til Drømmestipendet finn du meir informasjon og søknadsportal
Frist for å søkja er 15. november kl. 12.00.
Publisert 19.09.2023 08.37