Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Drøfta leiingskompass i administrasjonsutvalet

Kommunedirektøren har utarbeidd eit leiingskompass som skal vera styringssignal og navigeringsverktøy for leiarskapet i kommunen. Administrasjonsutvalet drøfta dokumentet på måndag og tok det til orientering.

Frå møtet i administrasjonsutvalet på måndag. Til venstre; kommunedirektør Rune Lid. Møtet vart leia av varaordførar Atle Dåvøy (til høgre). - Klikk for stort bileteFrå møtet i administrasjonsutvalet på måndag. Til venstre; kommunedirektør Rune Lid. Møtet vart leia av varaordførar Atle Dåvøy (til høgre). 

Formålet med leiingskompasset er å leggja til rette for at heile organisasjonen arbeider i samsvar med vedteken organisering og formåla med kommunesamanslåinga.

I drøftinga i administrasjonsutvalet vart det teke opp spørsmål knytt til forankring av dokumentet og om trepartssamarbeidet kunne vore kommentert i innleiinga i dokumentet. Kommunedirektør Rune Lid understreka at dette er ein start og at han vil lytta til innspel til leiingskompasset. Dokumentet vert drøfta på den planlagde leiarsamlinga den 30. oktober der alle einingsleiarane er samla.

Generelt gav medlemene i administrasjonsutvalet positiv tilbakemelding på dokumentet. Leiingskompasset vart teke til orientering.

Forskingsprosjekt om kommunereforma

Administrasjonsutvalet tok også til orientering ei sak der kommunedirektøren orienterte om at han har takka ja til at Øygarden kommune skal delta i eit forskingsprosjekt om effektar av kommunereforma. Forskingsprosjektet vert gjennomført i regi av Universitetet i Tromsø, Norges arktiske universitet og NORCE (samanslutning av fleire forskingsinstitutt).

Åtte kommunar, tre fylkeskommunar, fire fylkesembete og enkelte andre verksemder er utvalde til å delta i prosjektet. Ein skal mellom anna studera korleis forholdet mellom bykommune og omlandskommune har endra seg i byregionar med kommunesamanslåing og korleis det går med interkommunale samarbeid. Kommunedirektøren skriv i utgreiinga at det er viktig for kommunen å følgja eiga utvikling over tid, men vel så viktig er det å kunna vurdera utviklinga i samarbeid med andre kommunar som også har gjennomført kommunereform.

Administrasjonsutvalet tok også til orientering tariffrevisjon 2020 som går til uravrøysting. Med unnatak av Akademikarane har KS (fellesorganisasjon for kommunane) og forhandlingssamanslutningane etter forhandlingar kome fram til semje om tariffrevisjonen 2020.

Tekst og foto: Vigleik Brekke