Dette vert ei 17. mai-feiring som vert hugsa lenge

I dag presenterte ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen opplegget for 17. mai-feiringa i Øygarden. Med fire kortesjar og sending på Youtube frå klokka 10.45 skal folke få ei annleis, men minneverdig nasjonaldagfeiring.

Ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen inviterer til ei 17. mai-feiring der vi har ei flagglengdes avstand til kvarandre. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen inviterer til ei 17. mai-feiring der vi har ei flagglengdes avstand til kvarandre. 

Ordførar Tom Georg Indrevik stilte opp i bunad. Sjølv skal han tala for dagen. Dei som skal få dette med seg, må følgja sendinga på Youtube.

- Det har vore gode planleggingsmøte mellom 17. mai-komitéane, kulturavdelinga og Øygarden brann og redning. Det vert eit opplegg som er tilrettelagt for at ikkje minst barna skal få ei flott oppleving. Men det er viktig å hugsa på at vi har dei same smittevernreglane på denne dagen som elles, minner ordføraren om.

Til vanleg er det 17. maikomitéane som har ansvar for feiringa av nasjonaldagen vestom Sotrabrua. Dette er året er spesielt ved at kommunen har ei meir deltakande rolle.

Også kulturleiar Christel Møvik-Olsen understrekar det gode samarbeidet mellom aktørane, mellom anna musikkorpsa.

- Musikkorpsa skal delta med musikk på forskjellig vis. Mellom anna skal musikkorps spela ved institusjonar. Elles kan folk vera førebudde på overraskingar når det gjeld bidrag frå korpsa, seier kulturleiaren.

Minutt for minutt frå fire kortesjar
Det vert fire kortesjar med køyretøy frå Øygarden brann og redning, andre naudetatar og andre køyretøy. Kortesjane går i nord, vest, aust og sør og startar klokka 13.00.

- Vi inviterer folk til å møta opp langs vegane for å få med seg kortesjane. Men møt opp i nærleiken av heimen dykkar dersom det er praktisk mogleg. På den måten kan vi unngå at det møter opp mykje folk på enkelte stader, seier ordføraren. Han har stor tru på at foreldra tek ansvar og passar på at barna følgjer smittevernreglane og at vi høfleg rettleiar kvarandre dersom det vert for tett med folk.

Christel Møvik-Olsen seier at folk gjerne må pynta langs vegen. Dei som ikkje møter opp, kan følgja kortesjane frå først til slutt.

- Det vert montert kamera i første bil i kvar kortesje. Dermed kan folk følgja med på kortesjen minutt til minutt på Facebook. Dette vert som ein parade, seier kulturleiaren. Ho minner også om at det må gjerne melda seg fleire som kan stilla opp med køyretøy i kortesjane.

Vi vil koma tilbake med meir informasjon med plan for kva tid kortesjane passerer bygdene.

Klikk for stort bilete 

Sending på Youtube

Klokka 10.45 startar sendinga på Youtube der det vert opptak frå ei kort gudsteneste for 17. mai og ei rekkje opptak frå skular og andre stader. Dette vert sendt i opptak fram til klokka 13.00. Då startar direktesendinga med diverse innslag, mellom anna klipp frå kortesjane.

Ansvarleg for sendinga, Svein Ekrem, opplyser at klokka 18.00 vert det oppsummering frå dagen og nye innslag.

Informasjon om lenkje til sendinga og direkteoverføring frå kortesjane vert lagt ut på nettsida til kommunen fredag 15. mai.


Tekst og foto: Vigleik Brekke