Dette er den nye byggesaksleiaren

Reidun Våge Danielsen er tilsett som einingsleiar for byggesak, tilsyn og miljøforvaltning. Ho tek til i stillinga i april.

Reidun Våge Danielsen - Klikk for stort bileteReidun Våge Danielsen


Våge Danielsen (46) er utdanna jurist og har erfaring frå Statsforvaltaren og Bergen kommune. Ho kjem no frå stillinga som fagleiar for eigedomsutvikling og sal i eigedomsavdelinga i Bergen kommune.

- Eg ser fram til å ta fatt på denne jobben. Øygarden er ein spennande kommune med stor utvikling med mange prosjekt på gang, seier den nytilsette einingsleiaren.

Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, seier at Våge Danielsen er godt kvalifisert til denne jobben.

- Eg ser fram til å få Reidun Våge Danielsen som ein del av laget, seier ho.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke