- Dette datakurset bør du ta
I haust kan du som kan litt eller kanskje litt meir, ta grunnkurs i data.
- Dette burde vera obligatorisk i alle kommunar, seier Arne Herdlevær som har tatt dette kurset.
Arne Herdlevær er svært glad for tilbodet om datakurs for seniorar i Øygarden.På kurset kan du læra å nytta nyttige digitale offentlege tenester, grunnleggjande datatryggleik, videomøte og bestilling av varer og tenester.
Kursopplegget er delt inn i tre kategoriar:
- Lite forkunnskap (start 26. september klokka 10.00)
- Noko forkunnskap (start 24. oktober klokka 10.00)
- Oppfrisking og kunnskap for tidlegare kursdeltakarar (start 5. desember klokka 10.00)
I følgje Arne Herdlevær er det ikkje tilstrekkeleg at det offentlege digitaliserer utan at det vert gjeve tilbod om opplæring i data. Han er svært glad for at det i haust vert gjeve tilbod om dataopplæring for seniorar. Han kan varmt tilrå dette kurset og meiner at dette bør alle kommunar tilby.
- Dette gjeld særleg dei generasjonane som ikkje har vakse opp med dette. Alt er ikkje sjølvforklarande. Dette kurset gjorde sitt til at eg forstod litt meir. No kan eg til dømes betala rekningar på nettet og nytta andre offentlege tenester. Men eg trur nok at eg treng repetisjon og oppfrisking etter kvart. Det kjem noko nytt heile tida, seier han.
Kurset er eit samarbeid mellom Treff+, Øygarden kommune og Harddisk.
Lite forkunnskap
Noko forkunnskap
Oppfrisking av kunnskap for tidlegare kursdeltakarar
Påmelding
Les meir om kurset her og meld deg på (ekstern lenkje).
Publisert 29.08.2024 10.30