Detaljreguleringsplan for mottak, mellomlagring og eksportanlegg for CO2

OPPSTART AV PLANARBEID OG HØYRING AV FORSLAG TIL PLANPROGRAM i FEDJE OG ØYGARDEN KOMMUNAR

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering for mottak, mellomlagring og eksportanlegg for CO2

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-9 vert forslag til planprogram i samband med reguleringsplan lagt ut til offentleg ettersyn.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å regulere mottaksanlegg for CO2 i Naturgassparken i Øygarden kommune og røyrleidningstrase for transport av CO2 til 1 nautisk mil utanfor grunnlina. Dette omfattar også sjøareal i Fedje kommune.

Det skal fangast CO2 frå industrianlegg på austlandet som skal transporterast med skip til mottaksanlegg i Naturgassparken. Her vil CO2 pumpast over frå skip til tankar på land, før den vert sendt i røyr og injisert og permanent lagra omtrentleg 1000 – 2000 meter under havbotnen.

Det vil bli vurdert fleire alternative røyrleidningstrasear frå Naturgassparken og ut til injeksjonsbrønn. Dei ulike røyrleidningstraseane er ein kombinasjon mellom gjenbruk av eksisterande røyrleidningar/etablering av ny og etablering av komplett ny røyrleidningstrase. Reguleringsplanen vil avklare byggeformål, arealbruk og omsynssoner som vil bli gjeldande for planområdet. Planprogrammet vil legge rammene for plan- og konsekvensutgreiinga som skal utførast i samband med detaljreguleringa.

Tiltakshavar for planarbeidet er Statoil ASA v/Northern Lights prosjektet. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Planområdet

Planområdet er totalt ca. 75 500 daa og strekk seg over Øygarden og Fedje kommunar. Ein vil ved varsel om oppstart av planarbeidet ta med eit større område enn naudsynt. Dette for å sikre tilstrekkeleg areal for midlertidig anleggsområde, sikringssoner og vurdering av dei alternative trasèane m.m. Planområdet vil bli redusert i løpet av planprosessen til kun å omfatte naudsynt areal. 2

Konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert å utløyse krav om planprogram og konsekvensutgreiing jf. Plan- og bygningslova §4-1. Vidare skal planomtalen gje ei særskilt vurdering – konsekvensutgreiing – av planen sine verknader for miljø og samfunn jf. Plan- og bygningslova § 4-2. Formålet med ei konsekvensutgreiing er å få klarlagt verknaden av tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn for reguleringsplanen. Konsekvensutgreiinga vil bli gjennomført med grunnlag i vedteke planprogram etter føresegnene i plan- og bygningslova.

Planprosess

Det er gjennomført oppstartsmøte med Øygarden kommune 13.11.2017 og Fedje kommune 4.1.2018. Forslag til planprogram blir sendt på høyring, samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Høyringsfristen vert sett til 6 veker. Etter at frist for merknader er gått ut, vil ein i samråd med Øygarden og Fedje kommunar vurdere endringar i planprogrammet med bakgrunn i innkomne merknader. Endeleg planprogram skal fastsettast av kommunane.

Etter at planprogrammet er fastsett, vil ein starte utarbeiding av reguleringsplanen med tilhøyrande konsekvensutgreiing. Etter at reguleringsplanen med konsekvensutgreiing er ferdig utarbeidd vil planforslaget bli 1. gongs handsama i kommunane. Planforslaget vil så bli lagt ut til offentleg ettersyn jf. § 12-10 i plan- og bygningslova i 6 veker. Det vil da vere mogleg å kome med innspel og merknader til det utarbeidde planforslaget. Etter at perioden med offentleg ettersyn er avslutta vil ein gjennomgang av innkomne innspel og merknader bli vurdert og eventuelle endringar i planforslaget vil bli gjennomført før 2. gongs handsaming i Øygarden og Fedje kommunar.

Informasjonsmøte

I samband med offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeid, vert det invitert til informasjonsmøte for nærare informasjon om planarbeidet. Møtet vil bli arrangert på Kystmuseet i Ovågen i Øygarden 05.03.2018, kl. 18:00.

Frist for innspel og merknader

Frist for innspel og merknader til offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeidet vert sett til 23.03.2018. Det er viktig at ein ved innspel og merknader skil mellom merknader til planprogrammet og merknader til varsel om oppstart av planarbeidet. Innspel og merknader skal framsettast skriftleg og sendast til:

ABO Plan & Arkitektur AS
Postboks 291
5203 Os

eller e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av uttalar til Øygarden eller Fedje kommune. Dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

For nærare informasjon og spørsmål kan dette rettast til:

ABO Plan & Arkitektur AS
v/ Arne Kristian Kolstad
e-post: arne@abo-ark.no
tlf: 56570070
mobil: 95721101

Dokument i saka

Kart oversikt Fedje (PDF, 302 kB)
Kart oversikt Kollsnes (PDF, 344 kB)
Kart oversikt planområde (PDF, 343 kB)
Kart oversikt Øygarden nord (PDF, 490 kB)
Detaljreguleringsplan for mottak mellomlagring og eksportanlegg for CO2 versjon 1.1 dat 20180209 (PDF, 4 MB)
Brev varsel om oppstart (PDF, 169 kB)

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 09.02.2018
Fann du det du leita etter?