Det er best å vera på skulen

Guro Søyland (2. klasse) på Spildepollen skule likar best å ha undervisninga på skulen. Ho gler seg over at ho no kan vera saman med dei andre elevane og lærarane slik ho gjorde før «koronastenginga» 12. mars.

Guro Søyland likar seg godt i klatrestavivet, men mest over at ho kan vera saman med medelevane på skulen. - Klikk for stort bileteGuro Søyland likar seg godt i klatrestativet, men ho gler seg mest over at ho igjen kan vera saman med dei andre elevane på skulen.  

Sola skin måndag føremiddag. Den kalde nordvesten gjer at temperaturen er under 10 grader. Mesteparten av elevane på Spildepollen har undervisninga ute. Alle dei 124 elevane på dei fire første trinna er tilbake, men fleire foreldre har venta med å nytta SFO-tilbodet etter opninga sist måndag.

I dag var ordførar Tom Georg Indrevik og assisterande kommunalsjef Anna Nesje Nes på besøk på den nye skulen sør i kommunen.

- No har vi auka uteundervisninga, og elevane får undervisning utandørs tre-fire dagar i veka. Elevane er vande med dette, seier rektor Linda Selheim.

Rektoren er litt uroleg for konsevensane av eventuelt fråvær blant dei tilsette.

- Vi kan ikkje la dei tilsette gå mellom gruppene slik vi vanlegvis kan gjera, seier rektoren.

Best å vera på skulen

Guro Søyland gler seg over å vera saman med elevane på den nye skulen. Ho vert køyrt til skulen av foreldra om morgonen, men går til fots tre kilometer når ho skal heim att etter skuletid.

- Det var litt forvirrande med heimeundervisning i starten. Vi måtte setja oss inn i ganske mykje nytt, men vi fann ut av det etter kvart. Det var artig i starten, men det vart kjedeleg etter kvart. Vi fekk blant anna beskjed om å vaska alle handtaka i huset.

- Korleis var det å koma tilbake?

- Det er ganske fint. No kan eg vera saman med alle på gruppa vår på 10 personar. Det er mykje undervisning ute. Det bles mykje, men det går fint, seier Guro som mellom anna driv med på fotball i fritida. I ein lengre periode har det vore pause i treninga. Guro legg ikkje skjul på at ho har sakna fotballtreninga.

Frå venstre; Linda Selheim, Anna Nesje Nes og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Linda Selheim, Anna Nesje Nes og Tom Georg Indrevik. 

Imponert over dei tilsette

Rektor Linda Selheim seier at gjenopninga av skulen vart grundig førebudd. Elevane er delte inn i grupper i tillegg til at det er gjennomført diverse smitteverntiltak.

- Tilbakemeldinga frå elevane er at dei er glade for å vera tilbake. Vi har hatt god dialog med foreldra, blant anna dei som var litt urolege for å senda elevane på skulen. Busstransporten har gått fint. Ettersom mange køyrer barna til skulen, er det god plass på bussen, seier rektoren.

Ho er imponert over dei tilsette som har vist stor kreativitet og pågangsmot. For ein del av lærarane har læringskurva med digital undervisning vore ganske bratt.

Ordførar Tom Georg Indrevik har vore på besøk på fleire barnehagar og skular etter gjenopninga sist måndag. Han er imponert over kor godt både barnehagane og skulane har organisert opplegget og undervisninga etter gjenopninga.

Ill. - Klikk for stort bileteGlade og nøgde medarbeidarar betyr alt......... 

Også på Foldnes skule har oppstarten gått fint.

- No har vi godt med bemanning. Nesten alle er friske og er på jobb. Assistentane som normalt er på mellomtrinnet, er no på småtrinnet. Då får vi jobba inn rutinar som kan vera berande når dei eldste kjem, seier rektor Ragnhild Magerøy.

- På same måte som Spildepollen-rektoren, er ho litt uroleg for eventuelt fråvær blant dei tilsette. Ho opplever at personalet, både ved fjernundervisninga og no ved gradvis oppstart av undervisning på skulen gjer ein imponerande jobb og ser løysingar og viser eit kjempegodt pågangsmot. Det same gjeld dei som jobbar i SFO.



Tekst og foto: Vigleik Brekke