- Desse har utført eit viktig samfunnsoppdrag

Mange medarbeidarar i kommunen har hatt ekstraoppgåver og store omleggingar av arbeidskvardagen som ein konsekvens av koronaviruset. I dag vart reinhaldarane heidra for innsatsen deira sidan Noreg vart «stengd ned» i midten av mars.

I dag vart reinhaldarar takka for den viktige jobben dei har gjort dei siste tre månadene. Arbeidsfelt er notert i parantes etter namna. Frå venstre; Ordførar Tom Georg Indrevik, kommuneoverlege Stein Inge Stigen, dagleg leiar for Øygarden lokalmedisinske senter, Tonje Tangen Alvsvåg, legevaktsleiar Christin Mork, smittevernlege Jens Eikås, Kate Viksøy (pandemilegevakta), Monica Tvedt (koronaavdelinga), Anna Liza Sætre (Øygarden lokalmedisinske senter), Maria Christine Telle (jordmorkontor ved Kraftsenteret), Dainis Liepa (Sotra Arena/pandemilegevakta), Anne Grethe Viksøy (pandemilegevakta), Linn Håvik-selje (Øygarden lokalmedisinske senter), Pornpimon (Nomi) Lillebø (koronaavdelinga), Rut Paulson (reinhaldsleiar) og Mylene David Datu (legevakta, Øygarden lokalmedisinske senter). Gemma Juaton (koronaavdelinga) var ikkje til stades på markeringa.  - Klikk for stort bileteI dag vart reinhaldarar takka for den viktige jobben dei har gjort dei siste tre månadene. Arbeidsfelt er notert i parantes etter namna. Frå venstre; Ordførar Tom Georg Indrevik, kommuneoverlege Stein Inge Stigen, dagleg leiar for Øygarden lokalmedisinske senter, Tonje Tangen Alvsvåg, legevaktsleiar Christin Mork, smittevernlege Jens Eikås, Kate Viksøy (pandemilegevakta), Monica Tvedt (koronaavdelinga), Anna Liza Sætre (Øygarden lokalmedisinske senter), Maria Christine Telle (jordmorkontor ved Kraftsenteret), Dainis Liepa (Sotra Arena/pandemilegevakta), Anne Grethe Viksøy (pandemilegevakta), Linn Håvik-selje (Øygarden lokalmedisinske senter), Pornpimon (Nomi) Lillebø (koronaavdelinga), Rut Paulson (reinhaldsleiar) og Mylene David Datu (legevakta, Øygarden lokalmedisinske senter). Gemma Juaton (koronaavdelinga) var ikkje til stades på markeringa.     

Reinhaldsleiar Ruth Paulson hadde i dag samla 10 reinhaldarar og reinhaldsoperatørar som har hatt ein særskilt ansvar i den krevjande tida. Også ordførar, kommuneoverlege, smittevernlege, dagleg leiar av Øygarden lokalmedisinske senter og legevaktsleiar var på plass på markeringa i dag. Kake og overrekking av blomar høyrde med. 

- De viste at dette var eit samfunnsoppdrag, sa Paulson og tok for seg ein etter ein av reinhaldarane og roste dei for innsatsen på Øygarden lokalmedisinske senter, legevakta, pandemilegevakta og dei andre stadene der det har vore ekstra strenge koronarutinar. Koronaviruset førte til at det vart utarbeidd ei rekkje skrivne rutinar. Arbeids- og ansvarsfordelingar var svært viktig i denne situasjonen.

Grunn til å vera stolte

Ordførar Tom Georg Indrevik roste medarbeidarane for den viktige jobben deira i den krevjande tida.  Han også understreka det viktige samfunnsoppdraget reinhaldet har hatt og vil ha framover.

- Eg er utruleg takksam for den jobben det har gjort. Det har all grunn til å vera stolte over dette.  På vegner av Øygarden kommune takkar eg for innsatsen. De fortener stor applaus for dette.

Både legevaktsleiar Christin Mork og dagleg leiar av Øygarden lokalmedisinske senter, Tonje Tangen Alvsvåg takk reinhaldarane for ein kjempegod og viktig jobb.

- De har vore uunnverlege for legevakta, sa Mork.

Tangen Alvsvåg var fullt ut klar over at Ruth Paulson hadde gode reinhaldarar.

- Ruth; du seier aldri nei og er alltid seriøs. Eg har også hatt mykje dialog med Linn Håvik Selje. Og Linn; du stiller også krav. Det er bra. Reinhaldet er utruleg viktig arbeid, sa ho.

Kommuneoverlege Stein Inge Stigen viste mellom anna til ein spesiell situasjon der det var registrert eit smittetilfelle på venterommet på legevakta.

- Reinhald reagerte straks, og 20 minutt etter at vi tok kontakt, var dei i full gang med å desinfisera venterommet. Det er imponerande. Det redda heile situasjonen, sa Stigen.

Linn Håvik-Selje har ansvar for reinhaldet på Øygarden lokalmedisinske senter og intermedieær avdeling - Klikk for stort bileteLinn Håvik-Selje har ansvar for reinhaldet på Øygarden lokalmedisinske senter og intermedieær avdeling. 

- Eg elskar jobben min

Linn Håvik-Selje er reinhaldar 1 og har ansvaret og administrerer reinhaldet og forsyningslageret på Øygarden lokalmedisinske senter.

- Det har vore utfordrande, og mykje skulle gjerast på kort tid. Det har vore veldig kjekt på verta kjend med nye dyktige medarbeidarar. Eg elskar jobben min og gler meg til å gå på jobb kvar dag. Det er alltid ei open dør til dei overordna, seier Håvik-Selje.

Pornpimon Lillebø fekk ei krevjande oppgåve med å ta reinhald på koronaavdelinga på Øygarden lokalmedisinske senter.
 

- Eg var litt skremd og uroleg på førehand. Men eg fekk opplæring på tre dagar, og då klarte eg det fint. Ei av oppgåvene var å desinfisera romma etter at pasientane var utskrivne, seier Lillebø.

Anne-Grethe Viksøy hadde reinhaldsoppdag på pandemilegevakta på Sotra Arena.

- Vi tok inn pasientane inn i eigen inngang. Eg tok reinhaldet etter at det var gjennomført kliniske testar hjå lege. Vi nytta fult verneutstyr på romma og på legekontoret. Det er ikkje fritt for at det kunne verta klamt og varmt i verneutstyret, seier Viksøy.

Tekst og foto: Vigleik  Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa:

Anna Liza Sætre - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Tonje Tangen Alvsvå - Klikk for stort bilete
Christin Mork - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete