Aktuell informasjon

Demonstrerte pilotprosjekt med hydrogen som energi

Det var historisk sus på Ågotnes i dag då eit konsortium på fire aktørar presenterte eit pilotprosjekt der skip ved kaien får landsstraum produsert av hydrogen.
- Det er her det grøne skiftet skjer, sa ein stolt ordførar Tom Georg Indrevik.

Ordførar Tom Georg Indrevik leia presentasjonen av prosjektet. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik leia presentasjonen av prosjektet. 

Dei fire samarbeidsaktørane er PSW, Westgass, CCB og H2 Production. Dette konsortiet er etablert for å visa at det er mogleg å auka energiforsyninga ved å bruka rein hydrogen som eit alternativ til straumnettet og produksjon av fossil brensel.

PSW er teknologileverandør og ein del av SCANA-gruppen. CCB eig anlegget og er leverandør av landstraumløysingar til maritim industri. Westgass er energiselskap og leverandør og distributør av rein hydrogen til prosjektet. H2 Production er utviklar av  Energiparken og  framtidig leverandør av rein H2 med kortreiste løysingar.

Frå venstre;  Jens Hjorteset (PSW),  Kinar Kent (Westgass), Jan Dagfinn Lund (CCB) og Ronny Haufo (H2 Production). - Klikk for stort bileteFrå venstre; Jens Hjorteset (PSW), Kinar Kent (Westgass), Jan Dagfinn Lund (CCB) og Ronny Haufo (H2 Production). 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I samband med presentasjonen av pilotprosjektet i dag, vart det vist til at Vestlandet har vore tydeleg på satsinga på grøne næringar. Hjeltefjordbassenget og Energiparken med «nordlysprosjektet» Northern Lights er allereie på kartet og vert forsterka ytterlegare med dette prosjektet.

- Eg er utruleg stolt over å vera vertskap for dette. Øygarden er kanskje den viktigaste staden her i landet for det grøne skiftet. De er med på å skapa framtidas industri. Vi legg til rette for at dette kan skje her, sa ordførar Tom Georg Indrevik og viste til at dette samarbeidet samsvarar godt med Fn sitt berekraftmål nr. 17 som handlar om samarbeid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke