Delvis gjenopning av kulturskulen

Øygarden kulturskule opnar no forsiktig opp for gruppeundervisning. Enkelte grupper startar denne veka; andre startar neste veke. Kvar lærar kontakter sine elevar med detaljar.

Klikk for stort bilete 

- Vi har diverre ikkje funne ein måte å kombinera enkeltundervisning ved frammøte med smittevernsomsyn. Difor held vi fram med nettundervisning for elevar på individuelle kurs, slik vi har gjort dei siste vekene, seier Hilde Kristin Egeland ved kulturskulen.  

Kulturskulen avgrensar seg til gruppeundervisning av to hovudgrunnar:

  • Jamt over er det vanskelegare å driva tilfredsstillande nettundervisning i grupper
  • Vi manglar lokale der vi trygt kan drive individuell undervisning

Enkelte grupper kan få nytt undervisningstidspunkt eller bli flytta til eit anna lokale, eller ikkje får starta opp likevel. Alt dette lærarane informere sine elevar om.

Før elevane møter opp til gruppeundervisning er det viktig at dei gjer seg kjent med innhaldet i rettleiinga.

- Vi gler oss til å kunne møte elevane våre igjen! seier Hilde Kristin.

Her finn du meir informasjon om kulturskulen