Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Delte ut berekraftsballar til skulane

I løpet av ei god vekes tid leverte ordførar Tom Georg Indrevik ut berekraftsball til alle skulane i kommunen. 

Leiar i elevrådet på Ulveset skule, Oline Kaalaas, tek imot ballen frå ordførar Tom Georg Indrevik. Nedanfor ser du bilete frå dei andre skulane. - Klikk for stort bileteLeiar i elevrådet på Ulveset skule, Oline Kaalaas, tek imot ballen frå ordførar Tom Georg Indrevik. Nedanfor ser du bilete frå dei andre skulane.  

På berekraftsballen er dei 17 berekraftsmåla til FN teikna inn. På eit Teams-møte med elevråda i mars der samfunnsdelen til kommuneplanen var tema, viste ordføraren fram ein slik ball. Han fekk eit litt overraskande spørsmål frå ein av skulane.

- Kan vi få ein slik ball på skulen vår?

- OK. Vi skal skaffa ein slik ball til alle skulane, svarte ordføraren.

Slike lovnader må ein halda. Difor har ordføraren den siste tida reist rundt og møtt representantar for elevråda og leiinga på skulen og overlevert berekraftsball. Då har han nytta høvet til å seia litt meir om ballen og om arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen.

- Denne ballen har markert inn dei 17 berekraftsmåla. I undervisninga kan de nytta ballen og plukka ut eitt av måla og snakka om kva det betyr for dykk. Eit viktig berekraftsmål er samarbeid, sa ordføraren då han møtte elevane på skulane.

Med på utdelinga var også Karoline Sæle Einevoll, Emil Øvretveit og Ingrid Skjold frå ungdommens kommunestyre (UKS). Dei fortalde om arbeidet i ungdommens kommunestyre og oppmoda elevane om å koma med forslag til saker dei kan ta opp ved å nytta instagramkontoen til UKS.

Tekst: Vigleik Brekke
Læarar på skulane, Elin Helland-Jooste og Vigleik Brekke

Bilete frå rundturen til skulane

Bjorøy skule. Frå venstre; Ingrid Skjold, Renathe Fagerbakke (rektor), Celine Larsen Haugli og Sofie Dang. - Klikk for stort bilete
Bjorøy skule. Celine Larsen Haugli tok imot ballen frå Ingrid Skjold. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Blomvåg skule. Marlene Tennfjord Brevik (5, kl. og Adran Widding Jentoft tok imot ballen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Brattholmen skule.  Victoria Nordbø (4b). - Klikk for stort bilete
Brattholmen skule. William Myrvang (6b) tek imot ballen frå Ingrid Skjold. - Klikk for stort bilete
Danielsen barne- og ungdomsskule. I tillegg til elevrådsrepresentantane er rektor Alexander Jensen(nr.  seks frå venstre) og ordføraren (nr. sju frå venstre). - Klikk for stort bilete
Sondre Tyssøy (7. kl.) og Simon Elias Aadland tek imot ballen på vegner av barneskulen. - Klikk for stort bilete
Danielsen barne- og ungdomsskule. Emilie Nilsen og Leo Young tek imot ballen frå ordføraren på vegner av ungdomsskulen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Fjell ungdomsskule. Magnu Straume (leiar i elevrådet) tek imot ballen frå ordføraren. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Foldnes skule. Sebastian Haga (7b) og Adrian Marthinussen (7a) tok imot ballen. På biletet er også avdelingsleiar Ingrid Fjær. - Klikk for stort bilete
Gangstø ressurssenter. Frå venstre; Erling Byrkje, Olav Nesse Nordvik, Camilla Bjerke, Elin Bjerke, Konstanse Hatlevik Aase, Kjell Erik Gjerstad og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bilete
Gangstø ressurssenter. Erling Byrkje tek imot ballen. - Klikk for stort bilete
Gangstø ressurssenter. Ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bilete
Ingrid Skjold - Klikk for stort bilete
Didrik Leander Nilsen (6 kl.) og Maja Zuk (6. kl.) tok imot ballen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; lærar Øyvind Opheim Rise, skulesekretær Irene Ormevik og rektor Odd Erik Kjeldstad.  - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Kolltveit skule. Midt påå biletet, rektor Karin Haugen. - Klikk for stort bilete
Kolltveit skule. Elevane som tok imot ballen var Vebjørn Bjerke Bjorland, Isabella Myklebust Haug og Helene Solheim Vetås.   - Klikk for stort bilete
Kolltveit skule. Tom Georg Indrevik og leiar av ungdommens kommunestyre; Karoline Einevoll Sæle. - Klikk for stort bilete
Landro skukle. Frå venstre; Casper Blokhus Saltnes, Willian Kårtveit, Amalie Misje, Frida Lokøy Misje og Beate Heggernes. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Rong skule. Prhilip Halstensen og Amelie K. Thorbjørnsen tok i mot ballen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Emil Øvretveit, Mina Flesland Heltorp, rektor Lena Fjeldstad, Intvild Skyttermoen og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule. Emil Øvretveit i ungdommens kommunestyre kasta ballen til elevane. - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule. Mina Flesland Heltorp (7. kl.) og Ingrid Skyttermoen (6. kl.) tok imot ballen. - Klikk for stort bilete
Skålevik skule. Nokre elevar ville ha autografen til ordføraren. - Klikk for stort bilete
Skålevik skule. Midt i biletet; rektor Lisbeth Hjelle. - Klikk for stort bilete
Skålevik skule. Ordføraren kastar ballen til Nora Skjærgård Amland. (5. kl.). Dei andre elevrepresentane er Leah Algrøy Hamre (6. kl.) og Noah Algrøy (6. kl.). - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Spildepollen skule. Det var elevrådsrepresentantane Daniel Hus Bjorøy og Helene Glesnes som tok imot ballen på vegner av skulen - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Stranda skule. Georg Indrevik og Emil Øvrtveit - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Tjeldstø skule. Martine og Elisabeth tok imot ballen på vegner av skulen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Toftøy skule. Det var Ella og Markus i 2. klasse og Hedda B. Hellesund og og Leon S. Turøy i 7. klasse som tok imot ballen - Klikk for stort bilete
Tranevågen ungdomsskule. - Klikk for stort bilete
Ulveset skule. Leiar i elevrådet Oline Kaalaas tek imot ballen. Rektor Cecilie Mikkelsen Dahl var også til stades. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Øygarden ungdomsskule.Tuva Blom Hellesund, Alex og Emma Wolff Harkestad tok imot ballen frå ordføraren. Også rektor Tore Foldnes var til stades. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Det var Andreas Nipen Berentsen og  milie Vågheim som tok imot ballen. Begge går i 5. klasse. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete