Deler ut 6,8 millionar kroner i kompensasjonsmidlar til verksemder

Øygarden kommune er tildelt 6,8 millionar kroner som skal fordelast til næringar som framleis er ramma av inngripande smitteverntiltak og avgrensingar. Fristen for å søkja om midlar er 19. januar med utbetaling seinast 31. januar.

Ill.foto - Klikk for stort bilete>Ill.foto 

Midlane skal fordelast til lokalt næringsliv som er påført tap av omsetning eller auka kostnader. Tildelingane i denne ordninga gjeld for tap og ekstra kostandar påført lokale verksemder i følgje av pandemien i månadene oktober, november og desember 2021, og fram til og med 15. januar 2022, og som følgje av inngripande smitteverntiltak i desember 2021 og januar 2022.

Ordninga gjeld også for næringar som framleis i perioden oktober – desember 2021 opplevde restriksjonar etter overgang til fase 1 i «Ein normal kvardag med auka beredskap».

Desse næringane kan søkja:

  • Drosjebiltransport
  • Turbiltransport
  • Overnatting
  • Serveringsverksemder
  • Reisebyrå og reisearrangørar (inkludert oppleving-, arrangements- og aktivitets arrangørverksemd)
  • Leverandørar innan næring- og nytingsmiddel direkte knytt opp mot servering og overnatting
  • Nytt pkt. 11.01: Aktørar som har direkte tap knytt opp mot avlyste arrangement, julebord etc. i gjeldande periode
  • Treningssenter
  • Frisering og annan skjønnheitspleie

Mål for ordninga

Ordninga skal, ved hjelp av direkte tilskot, sikra likviditet for verksemder som står overfor ein mangel eller ikkje har tilgang til likviditet grunna covid-19-pandemien. Ordninga er retta mot lokale verksemder som er spesielt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak eller økonomisk nedgang, som følge av covid-19- pandemien. Ordninga skal bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i lokalt næringsliv.

Tilskotet kan dekkja

  • Tap av omsetnad/inntekt som følge av covid-19- pandemien eller den påfølgjande økonomiske nedgangen (til dømes avlyste julebord og andre liknande arrangement, skjenkestopp, etc.)
  • Auka kostnadar som følgje av tiltak for å unngå spreiing av covid-19, og kostnader direkte knytt til covid-19 og ein svekt/fråverande marknad
  • Tap av varer pga. covid-19- pandemien

Verksemder må ha eit minstetap eller auka kostnadar på 100.000 kr for å få stønad. Grensa for tilskot er sett til maksimalt 600.000 kr.

Øygarden kommune oppmodar aktuelle søkjarar til å sende inn søknad så snart som mogleg.

Her er detaljar om heile kompensasjonsordninga og høve til å senda inn søknad.

For spørsmål om ordninga ta kontakt med Hanne Misje Lokøy i Øygarden næringsutvikling KF på e-post: hanne.lokoy@oygarden.kommune.no