Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Deler ut 4,34 millionar i krisemidlar

Øygarden næringsutvikling har fordelt 4,34 millionar kroner til 38 kriseramma bedrifter.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto. Kjell Andersland  

Øygarden kommune har fått desse midlane frå staten for å kompensera lokalt næringsliv som vart hardt ramma av pandemien. Midlane vart delte mellom dei 53 kommunane i Noreg med arbeidsløyse over landsgjennomsnittet

Kriteria for tildeling av midlane vart vedtekne av formannskapet den 21. januar. 41 bedrifter søkte innan fristen, og i sist veke vedtok Øygarden næringsutvikling fordelinga av midlane.

Kriteria for kven som kunne få midlar blei vedtatt i formannskapet 21. januar, og 26. januar opna kommunen for søknader. Innan fristen 9. februar hadde 41 bedrifter søkt, og på styremøte i Øygarden næringsutvikling 17. februar blei fordeling av 4,34 millionar bestemt.

- Eg håpar denne støtta kan få bedriftene over kneiken no når vi nærmar oss ei opning av landet, seier Anita Mannes, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling til nettsida til Vest Næringsråd.

I artikkelen kan du sjå kven som har fått støtte.