Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Deler kvardagskompetanse

I dag fekk kommuneleiinga besøk frå Blå Kors som informerte om tilbodet Steg for Steg. Dette er eit overgangstilbod for menneske som er avhengige av rus og/eller har andre utfordringar.

Frå venstre; Stig Søderstrøm, André Clausen, Tom Georg Indrevik, Jan Utkilen og Torill Selsvold Nyborg. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Stig Søderstrøm, André Clausen, Tom Georg Indrevik, Jan Utkilen og Torill Selsvold Nyborg.  

Stig Søderstrøm er nasjonal leiar for Steg for Steg, medan André Clausen arbeider med tiltaket i Bergen. I bergensområdet er det 65 deltakarar, og ein del av desse har tilknyting til Øygarden.

- Vi ønskjer å ta vare på det mellommenneskelege og byggjer mellom anna nettverk mellom institusjonar og NAV. Det er ikkje krav om tilvising for å nytta dette tilbodet, og det vert ikkje ført journal. Det er viktig at deltakarane vert møtte med verdigheit og respekt, seier Andre Clausen.

Deltakarar i Blå Kors Steg for Steg kan med støtte frå tidgjevarar (frivillige) og rettleiarar, bruka den tida som trengs for å oppøva kvardagskompetansen og nå eigendefinerte mål. Steg for Steg tilbyr kartlegging og rettleiing om rus- og psykisk helse, god oversikt over hjelpeapparatet, rettar og plikter, bustad og økonomi.

Frå kommunen møtte ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar av utval for tenester og levekår, Jan Utkilen.

Les meir om Steg for Steg her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke