Dei fyrste over 75 fekk fjerde vaksinedose i dag
Tysdag vart kultursalen på rådhuset tatt i bruk som vaksinasjonsarena. Neste dag for vaksinering på rådhuset er torsdag 28.07.
Det er fortsatt ledige vaksinasjonstimar på torsdag fortel kommuneoverlege Stein Inge Stigen. I tillegg til vaksinasjon i kultursalen kan du vaksinere deg på fleire apotek og legekontor i kommunen.
Bestille time for vaksinasjon: Ting time til vaksinasjon og les meir her:
Oppfriskingsdose
Personar som i løpet av året fyller 75 år eller eldre vert tilrådd eín ny oppfriskingsdose med koronavaksine.
Bakgrunn for oppmodinga om ein fjerde vaksinedose av auka tal på sjukehus - innleggingar blant personar som er 75 år og eldre. Dette gjeld også dei som allereie har fått 3 dosar og dei som har hatt koronasjukdom.
Publisert 26.07.2022 15.40