Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

- De representerer endringskraft

Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å opna den  første samlinga for prosjektet om eit berekraftig og innovativt næringsliv i Øygarden. 80 personar fekk ein presentasjon av ein variert og vekstkraftig næringsliv på samlinga på tysdag.

80 personar møtte opp på samlinga i Straume Teknologisenter tysdag. - Klikk for stort bilete80 personar møtte opp på samlinga i Straume Teknologisenter tysdag. 

Ordføraren viste først til at den nye olje- og energiministeren, Marte Mjøs Persen, tok sitt første besøk som statsråd til Energiparken og Northern Lights på måndag denne veka. Han sa at karbonfangstprosjektet i Energiparken er ein av dei fire store drivarar i kommunen. Den andre drivaren er det han håpar skal verta verdas mest moderne godshamn (Ågotnes). For det tredje vil Sotrasambandet vera eit viktig storprosjekt og drivar i regionen.

- Den siste store drivaren her ute er dykk. De representerer endringskraft. Og Øygarden næringsutvikling legg til rette for å bidra til utvikling av nye arbeidsplassar, sa Tom Georg Indrevik.

Dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF, Anita Mannes, orienterte om næringslivet i Øygarden. Det er registrert 818 selskap og ni milliardar i totalomsetnad. 12 400 personar er tilsette i privat sektor.

Blågrønt skifte

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, snakka om kva det blågrøne skiftet i Øygarden betyr. Her er det stor akselerasjon i næringsutviklinga.

- Vi må henta inn kompetanse. Kunnskap er viktig for innovasjonen, sa han.

Ragni Rørtveit er forretningsutviklar i Northern Lights. Ho viste til at selskapet nyleg har kontrahert dei to første skipa som skal frakta CO2 til mottaksanlegget i energiparken i Øygarden.

-Northern Lights er transport- og lagringskompetansen i Langskipprosjektet. No byggjer  vi skip og mottaksanlegget. Vi vert dei første i verda som kommersialiserer karbonfangst, sa Rørtveit.

Ronny Haufe i CCB Energy Holding orienterte om det som elles skjer i Energiparken, medan eks-fotballspelaren Karl Petter Løken gav informasjon korleis Aker satsar i Øygarden.

I pausen var det tid for prat - Klikk for stort bileteI pausen var det tid for prat. 

Havnæringa er viktig i Øygarden, og Bård Sekkingstad i Sekkingstad Gruppen fortalde om selskapet som foredlar fisk og har ein årleg omsetnad på 3,6 milliardar kroner. Selskapet har 450 kundar i 60 land og produserer om lag 60 tusen tonn foredla fisk. Han hausta smil og latter i salen då han viste til at det er mykje galskap og innovasjon i Sekkingstad-familien.

- I familien vår har vi ikkje så mykje utdanning som hemmar oss, sa han.

Det var også informasjon om Skogland (rådgjeving), GCE Ocean Technology,  NCE Seafood,  Sintef, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Norges Handelshøgskole

Det er Øygarden næringsutvikling saman med samarbeidspartnarar som gjennomførte det dei i dag kalla «Iverksetjing av eit berekraftig og innovativt næringsliv i Øygarden». Prosjektet skal bidra til at energi og marin industri i Øygarden klarer å realisera forretningsmoglegheiter innan grøn energi og sirkulære forretningsmodellar.

Prosjektet vert leia av Øygarden næringsutvikling ved Anita Mannes og Hanne Misje Lokøy. I tillegg står GCE Ocean Technology, NCE Seafood Innovation Cluster og Vest Næringsråd for strategiske kartleggingar, innovasjonsdialogar, konsepttesting og koplingar. Akademia vil syta for kompetansepåfyll, forsking og utvikling.

Teskt og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete og videoar frå samlinga:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Bård Sekkingstad - Klikk for stort bilete
Ronny Haufe - Klikk for stort bilete
Ragni Rørtveit (til venstre) og Anita Mannes. - Klikk for stort bilete
Karl Petter Løken - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete

Aker Horizons / Aker Carbon Capture (Karl-Petter Løken)

Carbonor (Helene Mørne)

CCB Energy Holding (Ronny Hauge)

Compact Carbon Capture (Torleif Madsen)

Bergen Carbon Solutions (Dag Skansen)

GCE Ocean Technology (Kai Stoltz)

TechnipFMC (Andreas Helgesen)