Coronavirus

Øygarden kommune følgjer til ei kvar tid dei nasjonale retningslinjene gjevne av FHI (Folkehelseinstituttet) når det gjeld Coronavirus sjukdom. Sjå www.fhi.no for meir detaljert informasjon.

Klikk for stort bilete

Kven bør testa seg?

Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande: hoste, kortpustethet, feber, som i løpet av de siste 14 dagane før symptomdebut, oppfyller minst eitt av følgjande kriterium:

  • Har vore i desse områda
  • Har vore i nærkontakt (sjå under) med et stadfesta tilfelle av 2019-nCoV-infeksjon
  • Har pleia/behandla ein pasient, handtert prøvemateriale frå eller på annan måte hatt tilsvarande nærkontakt med ein person som er stadfesta sjuk med 2019-nCoV-infeksjon, utan å ha brukt anbefalt verneutstyr

Ta kontakt med Sotra legevakt på telefon 116117 for vidare informasjon og testing.

Det er ikkje anbefalt testing av personar som ikkje har kliniske infeksjonssymptom.

Er du usikker på om du bør testast for Coronavirus, kan du ta kontakt med Sotra legevakt på telefon 116117. 

Det er viktig at alle som tilfredsstiller anbefalte kriterium for testing for Coronavirus ringjer legevaka  på telefon 116117 på førehand, og ikkje møter direkte på legevakta. Dette for å hindra vidare smittespreiing. Eigne retningslinjer for testing ligg føre.

Har du spørsmål om Coronavirussjukdom eller er redd for slik sjukdom, kan du også ta kontakt med Sotra legevakt for rådgjeving og informasjon.

Foto: Mostphotos