Vedtaket vart gjort med 23 røyster med røystene til Høgre, Frp, KrF, Venstre, tre frå Sotralista, og eín uavhengig representant. Gruppeleiar i Sotralista, Jan Utkilen, gjorde det klart at gruppa var delt i denne saka. To av dei røysta for mindretalsframlegget og tre røysta for fleirtalsframlegget.
Vedtaket inneber at skulen skal ha ein kapasitet på 450 elevar. Oppstart av skisseprosjekt skal vera inkludert regulering i samsvar med økonomireglementet. Kommunedirektøren får i oppgåve og forhandla grunnerverv med grunneigar. Avtalen skal godkjennast av formannsskapet. Klasseromma skal vera inndelt i tre parallellar og at ein tidleg koplar inn interessegrupper i det vidare arbeidet med skulen. Ein skal også jobba vidare med utbetring av vestsidevegen.
Mindretalet på 21 representantar (Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, SV, Folkets Parti FNB og to representantar frå Sotralista) røysta for eit forslag om at Skålevik skule vert riven og at det vert bygd ny skule på Skålvika med plass til 200 elevar. Ulveset skule vert totalrenovert til å verta eit moderne skulebygg av høg standard. I dette framlegget heiter det også at kommunestyret ber kommunedirektøren å leggja fram to ulike saker som ivaretek dei to første punkta. Sakene skal innehalda kostnadsoverslag for det enkelte prosjekt.
Vedtok revidert budsjett
Kommunestyret vedtok revidert budsjett for 2022.
I forhold til tilrådinga frå kommunedirektøren, inneber vedtaket at dei føreslåtte kutta vert redusert med 9,25 millionar kroner. Det var Høgre, Frp, KrF, Sotralista og Venstre som fremja dette forslaget.
Vedtaket inneber følgjande endringar i forhold til innstillinga frå kommunedirektøren:
- Assistentar og fagarbeidarar skule
- Born med særskilte behov 3.000.000
- Barnevernet forebygge lovbrot 3.500.000
- Fullfinansiering 5. klasse på Fjell festning-sak 177/2 200.000
- Styrkja heimesjukepleien med to stillingar 1.000.000
- Øygarden brann og redning KF, auka driftskostnader 1.550.000
Summen av tiltaka på 9,25 millionar kroner vert dekt inn med auka skatteinntekter.
Formannskapet må få seg forelagt til møte i september ein rapport om korleis midlane overfor born med særskilte behov og barnevernet vært brukt.
Arbeidarpartiet, Sp, SV og Raudt hadde eige framlegg (PDF, 45 kB). Dette fekk 16 røyster og fall.
SV hadde også eige forslag (PDF, 43 kB). Forslaget fekk ikkje fleirtal.
Her kan du lesa om korleis kommunedirektøren i innstillinga til saka har sikra inndekning for meirforbruk.
I tilleggsmerknaden/innstillinga til kommunestyret den 16. juni viser kommunedirektøren til forliket om nasjonalbudsjettet tysdag denne veka og handteringa av påløpte koronautgifter første halvår 2022. Kommunen må venteleg dekkja 3,8 millionar kroner over drift.
Kommunedirektøren har føreslått at manglande inndekking av koronautgiftene vert finansiert ved bruk av auka skatteinntekter siste halvår 2022.
Gruppemøte i Arbeidarpartiet.
Brukar pengar på haldningskampanje
Kommunestyret vedtok å løyva to hundre tusen kroner som eit kommunal bidrag til ein haldningskampanje for auka bruk av buss. Kostnaden vert dekt ved bruk av belønningsmidlar frå Miljøløftet. Det vert elles tilrådd å ta innhaldet i saka til orientering.
Saka gjev ein status i det vidare arbeidet som er gjennomført av ei trafikk- og mobilitetsgruppe som skulle sjå på moglege tiltak for å få redusert trafikkmengda gjennom Straume i rushtida. Politisk er det presentert tre moglege tiltak som skal betra trafikkflyten. Det gjeld haldningskampanje like etter ferien, minibussystem i samarbeid med næringslivet og gratis kollektivtransport.
Ønskjer ikkje etablering av privatskule
Kommunestyret tilrår at det ikkje vert gjeve godkjenning til Danielsen skole AS om etablering av ny skule i Blomvåg.
Kommunestyret vedtok i november 2021 å leggja ned den kommunale skulen i Blomvåg frå hausten av. Danielsen skole AS ønskjer å etablera privatskule i desse lokala.
Det var forslaget frå Høgre, Sotralista, Frp, Venstre og KrF som fekk fleirtal.
I den vedtekne uttalen heiter det at Øygarden kommunestyre er positiv til at kommunen har skular drivne av private/ideelle aktørar. Dette er eit viktig supplement til det offentlege tilbodet. Med bakgrunn i at det nyleg er vedtatt å leggja ned ein skule i Blomvåg, kan ein ikkje tilrå at vert gjeve godkjenning til Danielsen skole AS for å etablera eit nytt skuletilbod i dette området. Kommunestyret har ikkje tatt stilling til etterbruken av skulebygget i Blomvåg. Det er venta sak om dette til utval for samfunnsutvikling i september. Eit samrøystes kommunestyret vedtok at Danielsen skole AS ikkje får kjøpa dagens skulebygg i Blomvåg av Øygarden kommune for å drive skule i bygget.
Mindretalet (16 røyster) støtta eit framlegg frå Arbeidarpartiet (innstillinga frå kommunedirktøren). Der heiter det at det ikkje vert gjeve godkjenning til Danielsen skole AS om etablering av ein ny skule i Blomvåg og at Danielsen skole AS ikkje får kjøpa dagens skulebygg i Blomvåg av Øygarden kommune for å driva skule i bygget.
Folkets parti FNB og eitt uavhengig medlem (tre røyster) røysta for at det vert gjeve godkjenning til Danielsen skole AS om etablering av ny skule i Blomvåg og at Danielsen skule får kjøpa skulebygga i Blomvåg.
KrF hadde ein protokollmerknad. (PDF, 44 kB)
Gruppemøte i fleirtalspartia.
Kjøper grunn til parkering ved Festningsvegen
Kommunestyre sluttar seg til vurderinga om at det vil vera viktig å få etablert utvida parkeringsareal ved Festningsvegen slik det er omtalt i saka. Øygarden kommune kjøper delar av GBNR: 56/15 til ein pris på kr 35 pr m2. Det aktuelle området er lokalisert på austsida av Sør Fjellavegen (FV 560) og utgjer 9491 m2. Arealet skal nyttast til parkeringsareal.
Støyskjermingstiltak vert etablert på GBNR: 56/50 i samsvar med det som er avtalt med eigar
Finansiering av arealkjøp vert gjort med «Samlepost samferdselstiltak innanfor eksisterande budsjett».
Inngår avtale om forskottering av Ebbesvikvegen (OK)
Kommunestyret vedtok å inngå avtale om overføring av justeringsrett for meirverdiavgift mellom Øygarden kommune og Soli Eigedom AS. Dette føreset at vegen og veggrunnen vert overført vederlagsfritt frå Soli Eiendom AS til Øygarden kommune. Av det avgiftsbeløpet Øygarden kommune mottek frå staten, vert 80 % tilbakebetalt til Soli Eigedom AS medan Øygarden kommune beheld 20 %. Vegen og offentleg areal skal vera opparbeidd i samsvar med gjeldande reguleringsplan.
Reviderer innkjøpsstrategi
Det vart vedteke å revidera og oppdatera innkjøpsstrategien innan utgangen av noverande innkjøpsstrategi 2023. Omsynet til klima og miljø skal vektleggjast i innkjøpsstrategien. Vidare vert kommunedirektøren beden om å gje ei nærare orientering om korleis arbeidet med miljø og klima skal organiserast og arbeidast med i kommunen.
Trappar opp aksjonssenter
Det vart vedteke at aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter vert trappa opp til trinn 2, med unntak av utvida opningstid. Det vert løyvd kr 800.000 for inneverande år til opptrappinga med to årsverk i 2023.
Investeringskostnader knytt til teknologisk plattform og aktuelle IKT-verktøy vil ein koma tilbake til i arbeidet med budsjettet for 2023.
Retningslinjer hatefulle ytringar og truslar
Kommunestyret vedtok «Rutine for handtering av hatefulle ytringar og truslar mot folkevalde» slik han låg føre. Rutinen Denne rutinen viser i ei kortfatta form kor og korleis den enkelte folkevalde kan varsla for å få hjelp. Det gjeld hjelp både for å hindra og/eller stoppa pågåande utrivelegheiter og hendingar, men også kor og korleis det er hjelp å få for å bearbeida opplevingar i etterkant.
Sluttrapport - Plan for Framtidas skule
Etter ein lengre prosess var saka om plan for Framtidas skule klar til sluttbehandling i kommunestyret. Saka handlar om korleis ein skal møta behov og utvikla framtidas skule i Øygarden og korleis ein politisk ser føre seg å setja i verk tiltak på dei ulike nivåa.
Kommunestyret slutta seg innstillinga kombinert med eit framlegg frå Arbeidarpartiet.
Vedtaket vert då slik:
Rapporten gjev innsyn i nasjonale føringar og aktuell forsking, og tilrådingane er i samsvar med desse føringane. Kommunestyret sluttar seg til målsetjinga og tilrådingar til tiltak i Framtidas skule med følgjande tillegg:
a) Det vert etablert eit prosjekt med fokus på korleis gutar i grunnskulen kan motiverast til å delta i,
og gjennomføra grunnskule og vidaregåande skule.
b) Det må etablerast eit prosjekt om set fokus på mobbing i skulen, trakassering, psykisk helse og
som kan bidra til god trivsel og ein inkluderande skule.
Rapporten skal følgja den årlege behandlinga av kvalitetsmeldinga for skulane.
Flytting av godshamn til Ågotnes
Kommunestyret tok ei orienteringssak om planane om å flytta godshamna frå Dokken i Bergen til Ågotnes til orientering.
Kommunedirektøren skriv i saka at på det noverande tidspunktet er det knytt uvisse både til estimert kostnadsramme og korleis denne skal fordelast mellom eigarane. Etablering av godshamna på Ågotnes vil etter kommunedirektøren si vurdering vera eit positivt bidrag for både Ågotnes og Øygarden kommune, men også Vestlandet som region.
Handlingsprogram 2023-2026 for Miljøløftet
Kommunestyret slutta seg til handlingsprogrammet 2023-2026 for Miljøløftet slik det ligg føre som vedlegg til saka. Kommunestyret ber vidare om at strekningane Arefjordsvegen og Bildøyvegen vert vurderte som prioriterte prosjekt frå Øygarden kommune til handlingsprogrammet for 2024 – 2027.
I handlingsprogrammet 2023-2026 har Øygarden kommune fire prosjekt, eitt nytt prosjekt og tre prosjekt som er vidareført oppdatert frå handlingsprogrammet 2022-2025.
Vedtok planstrategi
Kommunestyret vedtok planstrategi for Øygarden kommune 2020-2023 – revidert 2022 slik kommunedirektøren hadde innstilt.
SV fekk 11 røyster (ikkje fleirtal) for eit tilleggsforslag om at heilskapleg barnehage- og skulebruksplan skal utarbeidast i planperioden
Eit tilleggsframlegg frå Ap fekk 19 røyster og fall. Forslaget var slik:
Kommunestyret vedtek Planstrategi for Øygarden kommune 2020-2023 - revidert 2022, med følgjande endringar:
- Strategi for kultur og frivilligheit vert vurdert til oppstart i neste planperiode
- Plan for oppvekststruktur vert tatt inn i planstrategien
Planstrategien gjer greie for viktige utfordringar og moglegheiter, og korleis kommunen skal prioritera planoppgåver. Planstrategien er eit politisk styringsverktøy for å ta strategiske vegval og oppnå ønskt samfunnsutvikling. Kommunestyret skal minst ein gong kvar valperiode utarbeida og vedta planstrategien til kommunen.
Sluttar seg til samarbeidsavtale
Øygarden kommunestyre slutta seg til framlegg til revidert overordna samarbeidsavtale og Tenesteavtale 1 - overordna føringar for samarbeidsstruktur og samarbeidsformer i helsefellesskapet.
Søknad om ekstrapengar til Øygarden brann og redning (ØBR)
Styret i ØBE har bedt kommunestyret om 1,2 millionar kroner i ekstra driftsmidlar for å dekkja ekstrakostnader. Kommunestyret tok saka til orientering og vil vurdera saka i samband med behandlinga av revidert budsjett. I saka om revidert budsjett vart det vedteke å løyva 1,55 millionar kroner ekstra til ØBR for auka kostnader.
Årsmeldingar og rekneskap
Kommunestyret behandla fleire årsmeldingar og rekneskap.
Øygarden kommune
Det vert tilrådd å godkjenna årsmelding og årsrekneskap og konsolidert årsrekneskap for 2021. Årsrekneskapen viser eit negativt netto driftsresultat på 10 millionar kroner. Det vert tilrådd å godkjenna at utlån på 75 millionar kroner til Bergen Hamn Ågotnes AS verkt dekt ved bruk av ubundne investeringsfond.
Finansrapport
Finansrapport pr. 31.12.2021 for Øygarden kommune vart teken til orientering.
Øygarden brann og redning KF
Kommunestyret godkjente årsmeldinga og rekneskapen for 2021.
Øygarden bustadutvikling
Kommunestyret godkjente årsmeldinga og rekneskapen for 2021.
Øygarden næringsutvikling KF
Årsmeldinga og rekneskapen for 2021 vart godkjende.
Andre saker
Budsjettrevisjon Øygarden bustadutvikling (ØBU)
Styret i ØBU har vedteke budsjettrevisjon for Øygarden bustadutvikling KF i driftsåret 2022. Kommunestyret tok saka til orientering.
Rebudsjettering investeringar
Kommunestyret vedtok å rebudsjettera investeringar frå 2021 til 2022 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon slik det går fram av saka.
Klage på kommunestyrevedtak om mellombels forbod mot tiltak – trase lands Vestprosess røyrleidning
Kommunestyret kan ikkje sjå at klagen inneheld nye opplysningar som tilseier ei omgjering av kommunestyre sak 16/22. Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland til endeleg avgjerd.
Val av representantar til styret i Fjell festning for perioden 2022-2024
Følgjande vart valde:
- Jan Utkilen med Herborg Larsen som vararepresentant
- Marianne Sandahl Bjorøy med Sindre Andreassen som vararepresentant
Informasjon
Det vart gjeve informasjon om status for Sotrasambandet, planane om godshamn på Ågotnes og utviklinga av Aktiv kommune som system. Det vart også informert om notat om framdrift i planavklaring etter mellombels forbod mot tiltak langs gassrøyleidning.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Øygarden kulturskule hadde flotte musikalske innslag trygt leia av Åshild Eriksen og Erika Kroken. Både Liljevatnet barnhage og duetten Malin Gravdal og Pernille Søresen frå Danielsen ungdomsskule bidrog med song- og musikkinnslag.