Bustøtte - vi ønskjer fleire søkjarar!

Inntektsgrensene har nå auka slik at fleire kan få bustøtte. Dette er eit mellombels tiltak i perioden april til oktober som skal hjelpa dei som er økonomisk ramma av korona-pandemien. Det er berekna at om lag 13 000 fleire kan få bustøtte.

Klikk for stort bilete 

Husbanken har lagt ut informasjon på husbanken.no og i sosiale medium og sendt ut pressemelding. I tillegg har vi informert brukarorganisasjonar som Pensjonistforbundet og Funksjonshemmedes forening. 

Inntektsgrensene har auka som følgje av at buutgiftstaket har auka. Det betyr at dei med høge buutgifter får om lag 580 kroner meir i bustøtte per månad i perioden april til oktober. Søkjarane får beskjed om at auken er mellombels i vedtaksbreva frå og med april.

Tabell for grenseverdiar er oppdatert i bostøttesystemet, og kalkulatorane er også oppdaterte med nye satsar.

Les alle infomeldingar her | Søk bustønad her

Husbanken