Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Budsjettet vert lagt ut på høyring

Formannskapet vedtok i dag å leggja framlegg til driftsbudsjett og investeringsbudsjett på offentleg høyring i 14 dagar.

Møtet vart avvikla som videomøte. - Klikk for stort bileteMøtet vart avvikla som videomøte. 

Formelt tilrådde formannskapet kommunedirektøren sine framlegg til budsjett for 2021 og økonomiplan 2021-2024 slik dei låg føre. Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) og fleirtalspartia (Høgre, Sotralista, Frp, KrF og Venstre) fremja forslag til budsjett. Desse forslaga vart ikkje realitetsbehandla, men vert rekna som innspel til saka og følgjer saka fram til endelege behandling i kommunestyret. Også Raudt, som ikkje er representert i formannskapet, har utarbeidd framlegg til budsjett som følgjer saka.

Les framlegga her:

Møtet vart gjennomført som videomøte.  Her kan du sjå opptak frå møtet.

Legg ut framlegg til gebyr og brukarbetalingar

Formannskapet viste til vedtak i gebyrutvalet og vedtok å leggja kommunedirektøren si innstilling til gebyr og brukarbetalingar for 2021 ut på høyring saman med budsjettet.

Tilrår at kommunen kjøper seg opp i Trigger Jobb AS

Formannskapet går inn for at kommunen kjøper lokale i Idrettsvegen 51. Kjøpet skal nyttast som tinginnskot for å auka eigardelen i Trigger AS. Kommunedirektøren har lagt inn 25 millionar kroner i investeringsbudsjettet for 2021, tilsvarande takst og oppgradering av bygget. Trigger Jobb As er ei bedrift for yrkeshemma i Askøy og Øygarden kommunen. Trigger Jobb AS har tilbod innan industrivask, storkjøken, bilmekanisk, trelast, jobbfrukt, bygg, montering og snekkarverkstad. Saka vert avgjort i kommunestyret.

Endrar prioritering av til vedlikehald og rehabilitering

Kommunestyet har tidlegare vedteke prioritering av planlagde prosjekt- og vedlikehaldsoppdrag knytt til koronaepidemien. Som ein konsekvens av at det ikkje vil vera mogleg å koma i gang med ein del av dei prioriterte tiltaka innan fristen 31. desember 2020, slutta formannskapet seg til kommunedirektøren sitt forslag til omprioritering. Endringa inneber at midlar som var tiltenkte prosjekt for skifte/oppgradering av ventilasjonsanlegg ved Fjell ungdomsskule, Hjelteryggen skule og Tednebakkane omsorgssenter, vert nytta til totalrenovering av tak på Ågotnes skule.

Fordelte 2,7 millionar kroner frå næringsfond

Formannskapet følgde innstillinga frå ei arbeidsgruppe som har fordelt midlar til verksemder som har søkt om støtte frå eit kommunalt næringsfond. Staten har gjeve nærare 2,8 millionar kroner til fondet som skal gå til verksemder som er hardt ramma av høg arbeidsløyse etter koronavirusutbrotet.

12 verksemder har fått tilskott frå 75 til 350 tusen kroner. Arbeidsgruppa får i mandat til å lysa ut, behandla og tildela den resterande summen på om lag 66 500 kroner. Det vert lagt fram orienteringssak til formannskapet om tildeling av restsum innan januar 2021.

Her er oversikt over dei verksemdene som får støtte:

Oversikt over verksemder som har fått tilskot - Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Forskotterer spelemidlar til sykkelbane

Formannskapet slutta seg samrøystes til eit framlegg frå fleirtalspartia (Høgre, Sotralista, Frp og KrF) om å forskottera 1,2 millionar kroner i spelemidlar til sykkelbane ved Spildepollen skule. Kommunedirektøren får fullmakt til å utforma og inngå endeleg avtale som sikrar kommunen sine interesser

Utvidar politisk deltaking i arbeidsgrupper

Etter framlegg frå Arbeidarpartiet vedtok formannskapet at ein skal auka den politiske representasjonen frå eín til to deltakarar i kvar av dei fire arbeidsgruppene som skal arbeida med temaområde for samfunnsdelen til kommuneplanen. Partia Ap, Sp, SV, Raudt, MDG og FNB (opposisjonspartia) fremja sine kandidatar i møtet. Dei andre partia sender sine kandidatar til valnemnda som får fullmakt til å utnemna to medlemer og to varamedlemer i kvar av dei fire arbeidsgruppene.

Her er kandidatane frå opposisjonspartia som vart fremja i møtet:

  • Den gode staden å bu: Nils Bjarte Sæle, vara: Marianne Sandahl Bjorøy
  • Meistring gjennom livsløpet: Per Reidar Aasheim, vara: Sølvi Kobbeltvedt
  • Kompetent, innovativt og produktivt samfunn: Maria Thomassen, vara: Odd Lind
  • Klimavennleg samfunnsutvikling: Eva Aarskog, vara: Symphorien Pombe

Budsjett for kommunale føretak

Formannskapet gav innstilling til budsjett for tre kommunale føretak for 2021. Dette gjeld Øygarden brann og redning KF, Øygarden bustadutvikling KF og Øygarden budstadutvikling KF. For det siste føretaket vart det gjeve innstilling både for 2020 og 2021.

Andre saker

  • Formannskapet vedtok å leggja framlegg til «Lokal forskrift for renovasjon i Øygarden kommune» ut på høyring i tre veker.
     
  • Formannskapet tilrår overfor kommunestyret bruk av tilvisingsavtalar for å framskaffa kommunale bustader. Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå tilvisingsavtalar. MDG fekk si eiga røyst på forslag om å det er folkevalde organ som skal vedta kven kommunen skal inngå tilvisingsavtalar med.
     
  • Formannskapet tilrår at ordning med godtgjersle til vigslarar som ikkje har direkte vigselsmynde og som ikkje er løna av kommunen vert skrive inn i «Økonomiske vilkår for folkvalde for perioden 2019-2023. Etter framlegg frå Arbeidarpartiet vart det samrøystes innstilt på at ordninga skal vera gjeldande frå 1. januar 2020. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
     
  • Med seks mot fem røyster (Ap, MDG, Sp og FNB) vart det vedteke å nytta måltala KPI’ar ved nøkkeltalsrapportering. formannskapet ber om at kommunedirektøren rapporterer på måltala i kvartalsrapportar og årsmeldinga for 2021. Mindretalet ville ta saka til orientering.
  • Formannskapet vedtok at kommunen deltek i spleiselag for drift av vassområda for perioden 2021-2027.
     
  • Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å inngå vidare avtale om regionalt digitaliseringssamarbeid, DigiVestland.
     
  • Formannskapet godkjende samrøystes avviklingsbalanse og avviklingsoppgjer for Gode Sirklar AS. Me seks mot fem røyster (Ap, Sp, MDG og FNB) vart det vedteke at eigenkapitalen på om lag 1,5 millionar kroner vert overført til bundne fond til næringsformål i Øygarden kommune. Mindretalet røysta for at resterande eigenkapital vert overført til Øygarden næringsutvikling KF.