Budsjettbalanse så langt

Dersom ein legg til grunn at kommunen  får dekt koronautgifter på 34 millionar kroner, vil kommunen liggja betre an enn budsjettert. Det viser økonomirapporten pr. utgangen av juli.

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) var skuffa over at fleirtalet vil avvisa saka om politisk delegeringsreglement - Klikk for stort bileteMarianne Sandahl Bjorøy (Ap) var skuffa over at fleirtalet vil avvisa saka om politisk delegeringsreglement. På biletet ser du også kommunedirektør Johnny Breivik og fungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg.

Formannskapet, som var samla til møte tysdag, tilrår å ta rapporten til orientering.

Per juli er netto driftsresultat 25 millionar kroner lågare enn periodisert budsjett hittil i år. Forventa kompensasjon for koronautgifter bidreg altså til budsjettbalanse (per juli).

Skatteinngangen til og med juli månad er 30,4 millionar kroner høgare enn periodisert budsjett. Skatteinngangen er 66 millionar kroner høgare enn skatteinngangen i fjor på same tidspunkt (auke på 9,1 prosent).

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Ønskjer inga endring i politisk delegeringsreglement

Med seks mot fire røyster går formannskapet inn for å avvisa saka om endringar i politisk delegeringsreglement. Delegeringsreglementet vert dermed liggjande fast slik det er i dag dersom dette vert vedteke av kommunestyret.

Silvia Haugland (H) opplyste frå talarstolen at fleirtalskonstellasjonen ikkje var samde i denne saka og føreslo å avvisa saka som går til endeleg behandling i kommunestyret.

Fleirtalet var samansett av Høgre, Frp, KrF, Sotralista og MDG. Mindretalet (Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Folkets Parti) røysta for innstillinga frå arbeidsutvalet for politisk struktur som inneber fleire endringar. Det var mellom anna føreslått at ansvaret for samfunnsplanen sin arealdel utgår frå utval for plan sitt ansvarsområde og vert flytta til utval for samfunnsutvikling, og at kommunal planstrategi vert omtalt i eige punkt og av same grunn flytta til utval for samfunnsutvikling.

Det er Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) som har leia arbeidsutvalet for politisk struktur. Ho reagerte kraftig på at det no er tilrådd å avvisa saka og gav uttrykk for at ho opplevde at fleirtalet har halde dei andre for narr. Silvia Haugland sa seg samd i at dette var dårleg politisk arbeid og at ho hadde full forståing for reaksjonen frå Sandahl Bjorøy.

- Eg synest eigentleg at er litt flaut sjølv også, sa Haugland.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Skifte av pensjonsselskap gav betre oppgjer enn forventa

Det førebelse økonomiske oppgjeret etter skifte av pensjonsselskap frå KLP til Storebrand Livsforsikring viser at kommunen får frigjort eit bufferfond på 203 millionar kroner til premiefondet til Øygarden kommune. Kommunen får også frigjort 70 millionar kroner i eigenkapital. Les meir her.

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å ta saka til orientering.

Finansrapport

Øygarden kommunestyre tek finansrapport per 30.juni 2022 til orientering slik han ligg føre. Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å rullera sju lån på til saman 972 millionar kroner.

Godkjende makebyte med fylkeskommunen

Formannskapet godkjenner samrøystes avtale om makeskifte og tilleggsfinansiering mellom Øygarden kommune og Vestland fylkeskommune. Avtalen inneber at Øygarden kommune overtek bussterminalen i Skogsskiftet sentrum og utomhusareal der bussane i dag står parkert til ein taksert verdi på 7 millionar kroner. Vestland fylkeskommune skal halda fram som leigetakar i 1. etasje. etasje. Bussane vil framleis nytta terminalen for av- og på stiging av passasjerar.

Motytinga inneber at Øygarden kommune opparbeider ny bussparkering ved det tekniske servicebygget for 25 bussar. Eigedommen skal skiljast frå og overførast til fylkeskommunen. Verdien er fastsett til 11,5 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Fylkestinget i Vestland har for sin del godkjent avtalen.

Parallelloppdrag Straume, - organisering og finansiering

«Parallelloppdrag Straume» handlar om å engasjera fleire arkitektmiljø for å få kreative innspel til korleis regionsenteret bør vidareutviklast, med utgangspunkt i arealet på og kring Stovevatnet. Saka utval for samfunnsutvikling og til sist formannskapet behandlar no i september er ei oppfølging av saka frå mai månad, og kommunedirektøren gjer i saka greie for organisering av parallelloppdraget og korleis finansieringa er tenkt.

Formannskapet tek den administrative organiseringa av «Parallelloppdrag Straume» til orientering og godkjende finansieringsplanen for parallelloppdraget slik det går fram av saksutgreiinga. Utval for samfunnsutvikling skal orienterast undervegs om arbeidet som er gjort.

Kommunedirektør Johnny Breivik takka næringslivet som har bidrege til at ein har fått dette til.

Tilrår eigarskapsmelding

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å godkjenna eigarskapsmeldinga for Øygarden kommune 2022-2024 slik ho ligg føre. Politisk delegeringsreglement vert oppdatert i tråd med føringar i eigarskapsmeldinga. Endringar i representasjon til styre, råd og utval som følgje av å vedta eigarskapsmeldinga vert gjort gjeldande frå om med kommunestyreperioden 2023-2027. Kommunedirektøren får mynde til å gjera mindre redaksjonelle endringar i eigarskapsmeldinga etter vedtak, og å publisera eigarskapsmeldinga på heimesida til kommunen.

Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at eigarskapsmeldinga vil bidra til å tydeleggjera forventingar til selskap som er heilt eller delvis eigd av kommunen, og at dei folkevalde får ei meir aktiv rolle i eigarstyringa.

Tilrår å omdanna Basecamp til aksjeselskap

Formannskapet støttar styret i Basecamp om å oppretta Basecamp som eit ideelt aksjeselskap. Det vert vidare gjeve støtte til at det vert gjennomført ei verksemdoverdraging til det nye ideelle aksjeselskapet Basecamp AS. Kommunen legg til grunn at rettane til dei tilsette vert ivaretekne i tråd med arbeidsmiljølova kap. 16. I tilrådinga til kommunestyret heiter det at Basecamp vert beden om å starta arbeidet med å førebu opprettinga av eit ideelt aksjeselskap. Det må utarbeidast stiftingsdokument i tråd med aksjelova § 2-1 og gjerast avklaringar om pensjonsrettar. Saka vert avgjort av kommunestyret.

Tilskot breibandsmidlar 2022, behov for eigenfinansiering

Kommunen har fått positiv tilsegn frå Vestland fylkeskommune på søknad om breibandsutbygging. Som føresetnad for eit utbyggingsprosjekt ligg krav om 25 prosent eigenfinansiering. Nasjonal kommunikasjonsmynde (NKOM) i samarbeide med fylkeskommunar lyser årleg ut midlar til utbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygga ut. Midlane vert tildelte basert på søknadar frå kommunane.

Formannskapet godkjente breibandsutbygging som omtalt i saka. Eigendel i samband med aktuell utbygging, på  250 tusen kroner, vert lagt inn i budsjett 2023.

Gav tilslutnad til uttale til høyring om regional plan

Det låg føre framlegg til uttale til høyring av planprogram for regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn i Vestland. Formannskapet slutta seg til høyringsuttalen slik det går fram av saka.

I uttalen heiter det mellom anna at Øygarden kommune anerkjenner den viktige rolla fylkeskommunen har som regional planmynde. Kommunen stiller seg bak viktigheita av å peika ut sterke regionsenter som bidrar til verdiskaping og konkurransekraft, sterke bu- og arbeidsmarknader, og utjamning av sosial og økonomisk ulikskap i fylket. Likevel synest Øygarden at planprogrammet er noko uklart. Det er ikkje ein konsekvent bruk av senteromgrep, noko som skapar usikkerheit om korleis den regionale planen vil påverka kommunane sin sjølvråderett. Kommunen meiner at det kan vera vanskeleg å ta opp i seg alle strukturar og typar senter som er i eit så stort fylke som Vestland, men planprogrammet må likevel vera tydlegare i bruken av omgrep.

Øygarden kommune meiner at dei fylkeskommunale funksjonane og tenestene innanfor kollektiv og knutepunkt, mobilitet, helse, utdanning, kultur og infrastruktur, saman med dei kommunale tenestetilboda er viktige for å oppretthalda sterke regionsenter, med omland.

Høyringsuttale om straumnettet

Formannskapet slutta seg til framlegget til ein uttale om  NOU 2022: 6 "Nett i tide - om utvikling av straumnettet". I uttalen heiter det mellom anna at næringsutviklinga i Øygarden, og særleg rundt energiparken i Kollenes, er avhengig av tilstrekkeleg nettkapasitet og elektrisk kraft for å realiserast.

Nasjonale og regionale støtteordningar

Formannskapet tek sak om strategi for søknader på nasjonale og regionale støtteordningar til orientering.

Innovasjonsstrategi

Sak om innovasjonsstrategi for Øygarden kommune vart teken til orientering.

Bruk av eksterne konsulentar

Formannskapet tok sak om utgifter til bruk av eksterne konsulentar til orientering. I 2021 vart det kjøpt tenester frå bemanningsbyrå på 16,6 millionar kroner. Utgifter til konsulentar i fjor var på ni millionar kroner.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke