Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Budsjett og økonomiplan på høyring

Formannskapet vedtok i dag å leggja kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025 ut på høyring i 14 dagar. Med budsjettframlegget følgjer seks endringsframlegg frå parti/partigrupperingar.

Frå møtet i dag. Frå venstre; Nils Kåre Skoge (H), konstituert kommunedirektør Rune Landro og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå møtet i dag. Frå venstre; Nils Kåre Skoge (H), konstituert kommunedirektør Rune Landro og ordførar Tom Georg Indrevik. 

Partia og partigrupperingane presenterte dei seks framlegga i formannskapet utan debatt. Budsjettdebatten vert dermed gjennomført i kommunestyret den 16. desember. Raudt og SV har sendt inn fellesframlegg. Ettersom desse to partia ikkje er representerte i formannskapet, vart forslaget deira rekna som innspel og følgjer saka saman med dei andre forslaga til endeleg behandling i kommunestyret.

Her kan du lesa forslaga:

I dei seks endringsframlegga er forslaget frå kommunedirektøren om å flytta elevane på Skålevik skule til Ulveset skule fram til ny skule er på plass på vestsida, teke vekk.

Gebyr og brukarbetalingar - Budsjett 2022

Formannskapet vedtok å leggja framlegg til gebyr og brukarbetalingar for 2022 (budsjett) til offentleg høyring i 14 dagar. Eit framlegg frå Arbeidarpartiet knytt til hushald med sentralkompostering og småhushald med sentralkompostering vert lagt ved protokollen.

Vedtok forskrift om munnbind og registrering av gjester på serveringsstader

Formannskapet vedtok forskrift om påbod om munnbind og registrering av gjester på serveringsstader. Dette samsvarar med vedtak fatta av kommuneoverlegen på fredag med heimel i smittevernlova paragraf 4-1.

Frå og med måndag 22. november kl. 00.00 har det dermed vore påbod om bruk av munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogleg å halda avstand på minst eín meter ut over kortvarige passeringar og til andre enn husstandsmedlemer. Dette gjeld i butikkar, fellesareal i kjøpesenter, i kollektivtrafikken, innandørs stasjonsområde og når ein tek drosje. Forskrifta gjeld til og med 20. desember. Les meir her.

Disponering av midlar frå Gode Sirklar AS

Formannskapet tilrår at midlane på bundne fond (næringsformål i Øygarden kommune) på om lag 1,5 millionar kroner etter Gode Sirklar AS vert overført til bundne fond i Øygarden næringsutvikling KF. Midlane skal forvaltast av styret i Øygarden næringsutvikling KF.

Arbeidarpartiet fekk fire røyster (Ap, FNB og Senterpartiet) og dermed ikkje fleirtal for eit forslag om å overføra 1,5 millionar kroner til Øygarden næringsutvikling KF som driftsmidlar og redusera overføringa frå Øygarden kommune til Øygarden næringsutvikling KF tilsvarande.

Ønskjer at vegen mellom Ebbesvika og Straume vert kommunal

Formannskapet tilrår samrøystes overfor kommunestyret at den nye klassifisert som kommunal veg.

Fleirtalspartia (Høgre, Frp, KrF og Sotralista) fekk seks røyster og fleirtal for to tilleggspunkt i tilrådinga. Der heiter det at kommunestyret ber administrasjonen vurdera forskottering av vegen under føresetnad av at det må inngåast utbyggingsavtalar, tilbakebetalingsplan og at vegbygginga må sjåast i samanheng med andre prosjekt i området. Det heiter vidare at kommunestyret ber administrasjonen greia ut om vegen kan gå inn som ein del av miljøløftet, eventuelt leggja til kriterium som gang- og sykkelveg eller andre kriterium som kan fylla krava til veg i miljøløftet.

Vil ha ny gjennomgang av strategien for innbyggjartorg

I ei tilråding til kommunestyret understrekar formannskapet den avgjerande betydninga innbyggjartorga har for den daglege kommunale kontakten med innbyggjarane.  Vidare viser formannskapet til utgreiinga som vart laga i forkant av den nye kommunen - om kva for ambisjonar og moglegheiter det ligg innanfor eit godt fungerande innbyggjartorg til beste for innbyggjarane.

I tilrådinga vert det bedt om at administrasjonen gjennomgår saka på nytt med vurdering av fleire punkt:

  • Kva for tilsette i administrasjonen kan nyttast for å sikra ei auka bemanning på innbyggjartorga. Det er ei klar forventning om at innbyggjartorga på Rong og Skogsskiftet skal vera bemanna fleire dagar i veka enn det som vert presentert i saka, og gjerne på tidspunkt der innbyggjarane har meldt eit behov.
  • For å sikre betre ressursbruk - legge biblioteka og innbyggjartorga under ei felles leiing.
  • Utarbeida ein plan der aktuelle avdelingar i kommunen kan treffast på dei ulike innbyggjartorga.
  • Gjennom ei vidare utvikling av innbyggjartorg/bibliotek kan desse også verta naturlege kulturelle aktivitetspunkt på alle tre lokasjonar.
  • Det skal leggjast til rette for at innbyggjartorga kan gi moglegheit for arbeidsplassar for kommunalt tilsette som har behov for å jobba frå den aktuelle lokasjon i kortare tidsrom
  • Tettare tilknyting mellom Frivilligsentralen og innbyggjartorga.

Budsjett for Øygarden næringsutvikling KF 2022

Det vert tilrådd overfor kommunestyret å framlegg til driftsbudsjett for føretaket for 2022 slik det ligg føre.

Budsjett for Øygarden bustadutvikling KF 

Det vert tilrådd at kommunestyret godkjenner framlegg til budsjett for føretaket for 2022 og økonomiplan 2022-2025. Framlegget balanserer med ei inntekts- og utgiftsramme på 43,7 millionar kroner og har eit netto mindreforbruk med om lag 112 tusen kroner. Det vert vidare tilrådd at styret i Øygarden Bustadutvikling KF får fullmakt til å ta opp eit lån på 25 millionar kroner i samband med kjøp av eigedom. Låneopptaket er ein maksimal ramme og uttak frå lånet vert gjort etter kvart som det blir erverva nye bustader.

Budsjett for Øygarden brann og redning KF – budsjett 2022, og økonomiplan 2022 – 2025

Det vert tilrådd å vedta framlegg til driftsbudsjett for Øygarden brann og redning KF for 2022, samt økonomiplan for 2022 – 2025, slik dei ligg føre. Overføring for 2022 på om lag 30,9 millionar kroner er inkludert lovpålagt tiltak. Avsetnad til fond avgjer kommunestyret sjølv.

Styret i Øygarden brann og redning tilrår at ein held fram med implementering av tiltak i vedteken branndokumentasjon frå 2017. For 2022 utgjer dette kr 400 000 for å få på plass tredje person på vaktlaget ved Skogsskiftet brannstasjon. Formannskapet tilrår ikkje dette tilleggspunktet overfor kommunestyret.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke