Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Brannar blussar opp onsdag 9. juni

Den kommunale kriseleiinga (KKL) i Øygarden er samla etter meldingar om brannar som har blussa opp i området ved Spjeldsfjellet i 14-tida onsdag.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Det er fare for at brannen spreier seg, og det er sendt ut varsel om evakuering av bebuarar i området. Poltiet gjennomfører evakuering i Spjeldsvegen/Spjeldsfjellet. Ågotneshallen er etablert som evakueringssenter. Røde Kors hjelper til i arbeidet med registrering.

Barna som er på SFO på Knappskog og skal heim, må hentast av foreldra. 

Kl. 15.50: Alle evakuerte vert bedne om å møta opp i Ågotneshallen for registrering.

Det er ein god del røyk i området, og dei som oppheld seg i bygningar i nærområdet til brannen, vert oppmoda om å lukka vindauga.

Kl. 16.30: Dei som bur i evakuerte område, men som ikkje møter i Ågotneshallen, vert bedne om å ringa tlf. 815 02 800 for å bli registrert.

Kl. 16.55: Det er stadfesta at alle som bur i Spjeldsfjellet/Spjeldsvegen er registrert evakuert.

Kl.18.15: Politiet ber folk som ikkje har noko å gjera i området, om å halda seg unna brannområdet.