BRA MAT KURS

BRA MAT.jpg - Klikk for stort bilete Bra Mat for betre helse er eit kurs for personar som kan ha nytte av å gjere ei endring i vanar knytta til kosthald

VELKOMEN PÅ KURS

Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratet sine anbefalingar for eit godt kosthald for betre helse. Det gir deg ein introduksjon og forslag til korleis du kan starte prosessen med å endre kostvanar. Målet er å motivere til auka merksemd  om matvanar og matvareval.
Tilbodet er gruppebasert. Kurset er ikkje behandlingsfokusert og erstattar ikkje individuell oppfølging frå autorisert helsepersonell.

KURSET
Kurset har 4 samlingar med ulike tema:
1.  Små skritt, store forbetringar!
2.  Må det søte liv smake søtt ? Varedeklarasjon.
3.  Ikkje ett fett?  Maten er servert.
4.  Økonomi og planlegging.  Vegen vidare.

KURSINFORMASJON
Datoar og tidspunkt:   
Tysdag  08. mai   Kl. 14.00 – 16.00
Onsdag  16. mai  kl. 13.00 – 15.00
Torsdag 31. mai  Kl. 09.00 – 12.00
Torsdag 07. juni   kl. 09.00 – 11.00
Med atterhald om endringar.

Stad:  Straume Terapisenter, finmotorikkrommet 2.etg
Pris:  Tilbodet kostar kr. 250,-  inkludert frukost/ lunsj  og kursmateriell

Har du spørsmål?  Kontakt Janicke eller Unn på tlf 55 09 68 50/57/53


Vi gler oss til å sjå deg!
 

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 14.02.2018
Fann du det du leita etter?