Borna sin VM-song i Øygarden

Songarane frå Blomvåg skule.jpg - Klikk for stort bilete  «I Øygarden der kan du sjå frå storhavet i vest, og inn mot høge fjell, perfekt for ein stor sykkelfest.
Skal tru om dei som syklar her får med seg nokon ting? Må konsentrere seg om brua, rett bak neste sving.»

Geir Barsnes syng eigen vise - Klikk for stort bileteGeir Barsnes syng eigen vise Då Geir Barsnes blei utfordra til å skriva VM-song  av rektor på Blomvåg skule, var det skuleborna som var i fokus for han.
Å skriva tekstar, både dikt og songar og komponera melodi til, er Geir sin store hobby. Det som gjev han mest energi er når tekstane han lagar, blir teken imot med entusiasme og glede hos skuleelevane, for ofte er det dei han diktar historier, skodespel og songar til. Men like gjerne diktar han vaksentekstar med humor og snert som skildrar naturen eller kvardagen med menneskelivet sine utfordringar. Gje Geir eit tema, så går han heim i det vesle studioet sitt  og lagar noko fint!Blomvåg skule med sykkel vm songen - Klikk for stort bileteBlomvåg skule med sykkel vm songen
VM-songen blei skriven til det første løpet i Bergen kommune, under oppkjøringa til sykkel-VM i fjor haust. Det tok ikkje lang tid før 4.klassen på Blomvåg skule kunne teksten og framførte songen med glød og entusiasme på kick-off for Sykkel-VM- arrangement på SAS-hotellet. Slikt gjere ein diktar og komponist rørt. Geir har skrive songen på fritida si, men har gjeve den i gåve til skulane og til Øygarden kommune. Men vilkåra hans for at vi alle skal få bruka songen er at det er borna som skal syngja og vera med å framføra den. For Geir er det viktigast å vera i den kreative og skapande prosessen med tekstar og å komponera melodiar til desse.Songarar frå Blomvåg skule.jpg - Klikk for stort bilete

«Eg likar å laga ting og kan andre bruka det eg lagar, blir eg glad!» fortel han.
VM- songen har han både dikta, laga melodi til og spelt inn saman md borna. Dei kom fire om gongen til opptak, han har spelt alle instrumenta sjølv og satt det saman til ein produksjon. Og korleis tok skuleelevane imot songen? Geir fortel at dei lærte songen på rekordtid og framførte den med kraft og glede.

Kan songen brukast vidare – etter sykkel-VM? Sjølvsagt! Sykkelgleda og songgleda skal leva vidare etter den store hendinga i september. Ein liten justering i teksten, og Øygarden har ein fin heiasong til komande sykkelløp og arrangement!

«Heia, heia, stå no på!
Du har mål som du vil nå.
Halde fokus heile tida.
Ikkje vingle ut til sida.
Skal du vinne heile greia
må du stå på: Heia, heia!»

Høyr songen på youtube.com

Songteksten (PDF, 42 kB)
 

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 16.06.2017
Fann du det du leita etter?