Bli med på spennande møte om framtidaLytt til tekstenStopp avspillingFredag ettermiddag 9. april er ungdomane inviterte til digitalt møte der dei får seia kva dei meiner om korleis kommunen skal utvikla seg. Dagen etter, laurdag 10. april inviterer elderådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing til digitalt møte der det også handlar om samfunnsdelen til kommuneplanen. Andreas Kallekleiv og Tom Georg Indrevik vert med på samlingane. Denne våren vert det gjennomført ei rekkje medverknadsmøte om kommuneplanen. Denne helga handlar det altså om Innspelsmøte for barn og unge fredag 9. april klokka 17.00-18.30. Informasjon og påmelding. Innspelsmøte i regi av eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing laurdag 10. april klokka 12.00 – 14.00. Informasjon og påmelding. Kommunen er i gang med å laga ny kommuneplan, og til samfunnsdelen av denne treng kommunen innspel frå så mange som mogleg. Samfunnsdelen handlar om korleis vi skal utvikla samfunnet og kommunen vår, og då er det viktig å lytta til dei unge. Kom og bli med oss når vi saman skal setta oss mål for framtida! Deltakarar vert mellom anna ordførar Tom Georg Indrevik, leiar for utval for samfunnsplan, Andreas Kallekleiv, Trude Drevland og Endre Nordvik (songinnslag). Publisert08.04.2021 21.54