Bjorøy skule vart vinnar av mattemaratonkonkurransen

Då var mai over, og vi har kåra vinnarane av den kommunale mattemaratonkonkurransen. 

Utdeling av pokal og is til elevane ved Bjorøy skule. Vi er kjempe-stolte. - Klikk for stort bileteUtdeling av pokal og is til elevane ved Bjorøy skule. Vi er kjempe-stolte.

1. plass

Bjorøy der imponerande 95% av alle elevane har fullført ein mattemaraton og 94% av elevane har fullført 42,2 km i distanse. Dette var så bra at Bjorøy hamna på 2.plass i fylket og 7.plass nasjonalt! Vi bøyer oss i støvet!

2. plass

Toftøy skule med 92% fullført på mattedelen og 90% av elevane som har fullført ein heil distansemaraton. Imponerande innsats også her

3. plass

Knappskog skule med 81% fullført på mattedelen.

Vinnarane får is og pokal, medan 2. og 3. plass får pokal.

Det har vore god innsats av alle skulane!! Vi har rekna imponerande 1,2 millionar matteoppgåver i mai.

Fotogalleri

Markering på Bjorøy skule - Klikk for stort bilete
Markering på Bjorøy skule - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete