Biblioteka opnar i neste veke

Frå tysdag 2. juni opnar Øygardsbiblioteka. Biblioteket vil ha nokre avgrensingar for besøkjande og det vert oppmoda om å ta korte besøk.

Gro på biblioteket ønskjer deg velkomen inn i biblioteklokala - Klikk for stort bileteGro på biblioteket ønskjer deg velkomen inn i biblioteklokala.   

Biblioteka på Rong, Straume og Skogsskiftet tek ikkje imot klassebesøk eller grupper av lånarar. Tilsette i skular og barnehagar kan bestille bokkassar for henting, eller komme og plukke ut bøker sjølve.

Biblioteket på Straume opnar dørene på Sartor Storsenter tysdag klokka 11.00. Torsdag 4. juni er biblioteka i Skogsskiftet og Rong opne frå klokka 12.00. Sjå opningstidene nedanfor.

Det er avgrensa tilgang til møterom og leserom. Booking og informasjon får du i skranken. Spelerom/ungdomsrom vil framleis vera stengde.

Det er berre to berbare datamaskinar til nettbruk/utskrifter.

Barn i biblioteket må ha med seg føresette. Ved henting av premiar til Sommarles ber vi barnet velja mellom dei utstilte premiane før ein kontaktar den tilsette i skranken.

Om du vil lesa i aviser og tidsskrift, må du ha god handhygiene ved å bruka handsprit som er tilgjengeleg i aviskroken.

Toaletta er stengde. Bruk ev. toalett andre stader i senteret.

Låne- og innleveringsrutinar

Ta med lånekort eller bruk lånekortet på mobil-appen! Utlånsautomaten skal nyttast, personalet tek ikkje i mot bøker i skranken. Har du ikkje lånekort, vil dei tilsette i skranken hjelpa med å laga nytt kort. Hugs å ta med legitimasjon.

Smittevern

Bruk handsprit når du besøkjer biblioteket. Dette vil vera tilgjengeleg fleire stader  i biblioteket. Hald tilrådd avstand til andre lånarar og tilsette.

Du kan sjølv finna bøker på hyllene våre, men ikkje ta for mykje på bøker eller filmar du ikkje vil låna. Dersom du har luftvegssymptom, ber vi om at du ikkje besøkjer oss.

Folkehelseinstituttet vurderer at risiko for indirekte smitte frå bøker er låg og at tiltak som å vaska eller setja bøker i karantene ikkje er nødvendig. Vi vil derfor handtera materiale som normalt, og halda god handhygiene mellom kvar gong vi skal ta i bibliotekmateriale og før vi startar med ei anna oppgåve.

NB! Hugs å ta med lånekortet, og bruk utlånsautomaten!

Opningstider frå 2. juni til 31. juni

Skogsvåg

Torsdag: 12.00 - 19.00
Fredag:  10.00 - 16.00

Rong

Torsdag: 12.00 - 19.00
Fredag:  10.00 - 16.00

Straume

Måndag, torsdag, fredag: 11.00 - 16.00
Tysdag: 11.00 - 19.00
Onsdag: Stengt
Laurdag: 11.00 - 15.00

Les meir på nettsida til Øygardsbiblioteka.