Betyr naturen noko for trivselen din?

Arbeidsgruppa til UNESCO på Universitetet i Bergen inviterer deg til å delta i ei nettbasert undersøking om korleis naturen bidreg til trivsel for menneske i Nordhordland biosfæreområde. Tysdag 25. februar vert du invitert til informasjonsmøte på Rong.

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete Vigleik Brekke   

Nordhordland biosfæreområde omfattar ni kommunar i Nordhordland. Den nordre delen av Øygarden kommune (gamle Øygarden kommune) er ein del av Nordhordland biosfæreområde.  Spørjeundersøkinga samlar informasjon frå dei som bur i området og dei som arbeider med forvaltning innan natur, miljø, jordbruk, skogbruk, jakt og fiske.

Tysdag 25. februar på biblioteket på Rong (Rong senter, 2. etg.) kl. 16.00 - 18.00 vert det læringsverkstad der du vil få god hjelp til utfylling av den nettbaserte undersøkinga. Arbeidsgruppa er også til stades på biblioteket på Rong måndag 16. mars kl. 10.00 - 12.00

Undersøkinga er allereie tilgjengeleg på nett. Her er lenkja til undersøkinga: https://app.maptionnaire.com/nb/6998/.

Naturen påverkar liva våre på mange måter. Han gjev oss maten maten vi et, vatnet vi drikk og trea vi nyttar til å byggja eller varma husa våre med. Naturen vernar oss frå skred og flaum. I denne undersøkinga kan du fortelja om kva rolle naturen spelar i livet ditt.

Tekst: Vigleik Brekke