Besøk på institusjonar i Øygarden

Ein del av institusjonane i Øygarden opnar for besøk. Det er utarbeidd retningslinjer og rutinar for institusjonar og omsorgsbustader med heildøgns bemanning for besøk.

Sundheimen er ein av institusjonane som har retningslinjer for besøk. - Klikk for stort bileteSundheimen er ein av institusjonane som har retningslinjer for besøk. 

Om kort tid skal Helsedirektoratet utarbeida ein rettleiar for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og opning av dagaktivitetstilbod.

Det er gjort lokale tilpassingar, og difor må besøkande vera kjende med retningslinjene for den enkelte institusjon før besøk. Dei som ønskjer å koma på besøk, må difor ta kontakt med den aktuelle institusjonen/omsorgsbustaden og gjera avtale. Besøkande som har sjukdomssymptom kan ikkje koma på besøk.

Tekst og foto: Vigleik Brekke