Besøk frå trafikktryggingsutvalet i Vestland
- Vi set stor pris på at trafikktryggingsutvalet kjem til Øygarden, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte utvalet velkomen til møtet som måndag var lagt til Øygarden.
Frå besøket måndag.
Etter eit kort møte i rådhuset på Straume, var det synfaring nord mot Ågotnes og Toftøyna, Vestsidevegen og til sist Krossleitet.
Trafikktryggingsutvalet er eit rådgjevande organ i saker om trafikkspørsmål, og i saker om koordinering av trafikktryggingsarbeidet i Vestland fylke. I tillegg til dei sju politisk valde medlemene, er det representantar frå administrasjonen og fleire trafikkaktørar.
I innleiinga orienterte ordføraren om arbeidet med trafikksikring i kommunen. Dei tre gamle kommunane har utarbeidd trafikksikringsplanar. Miljøløftet er ein eit viktig samarbeidsprosjekt for å gjennomføra trafikksikring i Øygarden.
Publisert 15.11.2022 09.42