Besøk frå Europarådet

Domagoj Hajdukovic frå Europarådet sin kommisjon for migrasjon har besøkt Noreg som ein del av arbeidet med ein rapport om integrasjon av migranter og flyktningar.

Frå venstre Kristoffer Møvik, Monica Pedersen, Line Barmen, Torill Selsvold Nyborg, Domagoj Hajdukovic og to andre representantar frå Europarådet. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Kristoffer Møvik, Monica Pedersen, Line Barmen, Torill Selsvold Nyborg, Domagoj Hajdukovic, Sølve Sætre (Bergen kommune) og ein representant knytt til Europarådet.


Han held på med å utarbeida ein rapport om beste praksis til bruk i samband med resolusjon til Europarådet si parlamentariske forsamling. Domagoj Hajdukovic er særskilt oppteken av korleis vi jobbar ut frå en ide om at flyktningane representerer ein ressurs for oss som tek i mot dei.

Besøket varte over tre dagar og den første dagen var han i  Oslo og snakka med stortingsrepresentantar og representantar for lokalt og regionalt sjølvstyre, Røde Kors og flyktningar busette i Noreg. Deretter vitja han Bergen kommune og snakka med representantar frå kommunen, Bergen Næringsråd, inkluderingseininga, UiB og Kirkens Bymisjon.

Norgesbesøket vart avslutta med eit besøk til Øygarden kommune. Varaordførar Torill Selsvold Nyborg var vertsskap for besøket der det vart gjeve informasjon om Rett i jobb prosjektet som vart sett på som ein innovativ metode for integrering av flyktninger.


Domagoj Hajdukovic seier at han fann besøket i Øygarden veldig interessant og veldig nyttig. Metodehandboka utarbeidd i Rett i jobb prosjektet vart sendt med attende til Europarådet. Det vart og sett fram eit ønske om å få sett på engelsk tekst til filmen om Rett i jobb-prosjektet. Dette materiellet vil verta ein del av rapporten om beste praksis som vert lagt fram i ein resolusjon til Europarådet si parlamentariske forsamling.
Her finn du meir informasjon (ekstern lenkje).


Tekst: Monica Pedersen
Foto: Kjell Andersland