Behov for besøkheimar, støttekontaktar og fosterforeldre

"Bli fosterforeldre"- plakat - Klikk for stort bilete Øygarden kommune har behov for besøksheimar, støttekontaktar, og fosterforeldre.

Barneverntenesta er i kontakt med born,i ulike aldrar som treng gode, trygge vaksne hjelparar og omsorgspersonar. Du kan bli den eine som gjer forskjell i kvardagen til born. Dei kan få oppleve tryggleik og ha gode opplevingar saman med dykk.

Vi i Øygarden barnevernteneste har erfart at for dei fleste borna vi hjelper er det deira beste å motta hjelp i sitt nærmiljø. Det er om borna har hjelp og støtte nokre timer i veka, er i besøksheim eller om det er naudsynt å flytte frå eigen heim i korte eller lengre peiodar. Det er oftast det beste om dei kan få oppretthalde sin tilknytning til sitt nærmiljø og bu her i kommunen, eller i nærleiken av eigen kommune.

Dersom de kan tenkje dykk å ta eit sånt oppdrag for oss ber vi om at de tek kontakt med barnevernstenesta. Vi vil gjerne informere om korleis det er å vere besøksheim, støttekontakt eller fosterforeldre for eit barn eller ein ungdom.

Ta snarast  kontakt med Gerd Elin Marx eller Hilde Martinussen Lønøy

Barnevern Her finn du Kontaktinformasjon for barnevernet.
Barnevern
 StillingE-postTelefonMobil
Gerd Elin MarxFagleiar barnevernE-post56 38 54 47992 16093
Hilde Martinussen LønøyBarnevernskonsulentE-post56 38 54 49992 16092
Anita Golten FinnsåsBarnevernskonsulentE-post56 38 54 50992 16115
Stine KristensenBarnevernskonsulentE-post56 38 54 48992 16116
Mona M. AasenBarnevernskonsulentE-post56 38 54 51992 16091
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 22.06.2018
Fann du det du leita etter?