Barn og unge prega folkefesten

I dag var det verkeleg fest for Øygarden kommune. Om lag to tusen fem hundre personar hadde funne vegen til den offisielle opningsfesten i Sotra Arena på laurdag. Barn og unge viste seg fram. Statsminister Erna Solberg var der også. Ordførar Tom Georg Indrevik smilte frå øyra til øyra.

Både kulturskulen og United dans bidrog på opningsfesten. - Klikk for stort bileteBåde kulturskulen og Re:united Dance bidrog på opningsfesten. Kjell Andersland   

Erna Solberg talte til folket og meinte at her er det snakk om tre kommunar som vert slått saman til ein endå betre kommune.

Stasminister Erna Solberg - Klikk for stort bileteStatsminister Erna Solberg Kjell Andersland  

- I dag er vi alle strilar. Øygarden vert den nest største kommunen i Vestland fylke. Kommunen vert eit regionalt tyngdepunkt med stor gjennomslagskraft. De vil setja dykkar preg på det nye fylket. De jobbar med fagfelt som treng spesiell kompetanse. Dette set krav til både tilsette, innbyggjarane og politikarane. Øygarden har dei beste føresetnadene for å utvikla tenestetilbodet, sa Solberg som også minna om besøket på Brattholmen skule der ho vart kjent med prosjektet Elev i Nye Øygarden. Ho var imponert over den breidda Øygarden kommune har i markeringa av den nye kommunen.

Etter at det vart vist utdrag av videoane med klippa frå elevane sin Tankar om framtida, delte ho ut premiar til vinnarane av plantekappleiken og venskapsklassane i regi av Elev i Nye  Øygarden. Nedanfor ser du kven som fekk premie.

Fyrtårn i vest

Ordførar Tom Georg Indrevik tok utgangspunkt i Emma på Sund ungdomsskule som hadde klare tankar om framtida der ho slo fast at ho er stolt ung stril med beina planta i fjøra og blikk mot framtida.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik Kjell Andersland  

- La Emma sine ord danna bakteppet for den nye kommunen. Eller Nora på Landro skule som er glad for at det vert ein kommune – då får ho bu i same kommune som mormor og besten. Velkomen til den nest største kommunen i Vestland fylke, ein av dei største i Noreg! Vi vert over 38 500 øygardsværingar med nesten tre tusen tilsette. Sjølv om vi har planlagt den nye kommunen i fleire år, er det no det startar. Vi har tatt mål av oss om at den nye kommunen skal verta eit fyrtårn i vest, sa Indrevik som takka alle tilsette med kommunedirektør Rune Lid i spissen og politikarane i fellesnemnda..

Han bad dei tre ordførarane for dei gamle kommunane å koma fram på scena  for å overrekkja dei kvar sitt saueskinn og eit fyrtårn (kopi av Hellisøy fyr). Dermed fekk forsamlinga på nytt sjå trekløveret som har styrt i dei  tre kommunane dei tre siste åra; Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden). På Øygardskonferansen fekk dei prisen Årets fyrtårn i vest (2019).

Opningsfesten vart stødig leia av Regine Oen Hatten og Tor Bjørge. Det heile starta med å presentera den grafiske profilen utarbeidd av AlfGundersen. Roy Vorland framførte Draumelandet og ikkje minst Songen frå vest som har vorte ein kjær song for mange her vest.

Barn og unge viste seg fram

Mange unge viste seg fram i dag. Dette var Leo Jung (Danielsen ungdomsskule), Ingrid Rokkan (Sund ungdomsskule), Kulturskulen (dans), Re:united Dance, Elise Hovland (Fjell ungdomsskule og vinnar av MOT fest i vest), Jessica Sæle Sævareid (Tranevågen ungdomsskule). Andre ungdomsaktørar var Maria Solsvik, Anne Knudsen, Hanna Sæle, Madeleine Rossnes, Victoria B. Waardal, Annabell N. Blom, Michelle B. Gjeldsvik, Kasia Delkieicz, Karoline S. Mikkelsen, Ida Malene Setenes, Emine Soløy, Augusta Harkestad, Sara Steinsland og Andrea Tomic frå Øygarden ungdomsskule.

Glesnesrevyen

Som avslutning på ein flott opningsfest, fekk publikum gleda av å høyra utdrag frå Glesnesrevyen.

- Eg er ein stolt øygardsværing frå Sund, fekk vi høyra.

Skildring av dei tre ordførarane er ein naturleg del av Glesnesrevyen, ikkje minst no i kommunereformtidene. Gamleordføraren i Øygarden, Børge Haugetun, fekk også sitt.

- Alle replikkane hans starta med «Som ordførar i Øygarden» til stor frustrasjon hjå dei andre ordførarane og programleiaren av det lokale «Farmen». Stortingsrepresentant Ove Trellevik gjorde eit mislukka forsøk på å dirigera Øygarden nynnekor. Men han fekk no fram at Øygarden kommune har vore rasande gode på anbod og får ting til å skje.

Aktivitetar

Dagen starta med aktivitetar for store og små både ute og inne. I Nøkkelløpet deltok dei tre ordførarane og med Lennart Fjell som reserve for kommunedirektør Rune Lid. Stafettlaget kom til mål til slutt. Det er ukjent om kva tid dei brukte på løypa, men dei rakk i alle høve festen som starta nokre timar seinare. Vinnar av den fem kilometer lange løypa vart Robert Hisdal som kom i mål på respektable 17,05. 66 sprang fem kilometer. Det var tre stafettlag med fem personer på kvart lag. Koordinator for aktivitetane, Stine Sanden, opplyser at totalt var det 81 løparar som deltok.

Inne var det både dans, kampsport, handballkampar, basketball, futsal, basketballkampar, badminton og volleyball.

Tre ordførarar og ein byråkrat deltok med stafettlag. Frå venstre; Marianne SandahlBjorøy, Kari-Anne Landro, Børge Haugetun og Lennart Fjell. - Klikk for stort bileteTre ordførarar og ein byråkrat deltok med stafettlag. Frå venstre; Marianne SandahlBjorøy, Kari-Anne Landro, Børge Haugetun og Lennart Fjell. Kjell Andersland   

Her er resultata av planekappleiken (lengde på erteblomst, periode 15. oktober - 29. november):

  • 1. premie: Skogsvåg skule, 1. klasse          42 cm
  • 1. premie: Danielsen skule, 6. klasse         42 cm.
  • 2. premie: Landro skule, klasse 3b             39 cm.
  • 3. premie: Landro skule, klasse 2a             34 cm.

Desse vart trekte ut blant venskapsklassane:

  • 1. premie: Spildepollen skule, 1. klasse
  • 2. premie: Ulveset skule, 7. klasse
  • 3. premie: Telavåg/Spildepollen skule, 7. klasse

Sjå video frå opningsveka her

No ligg det video frå opningsfesten/Glesnesrevyen og korslaget 4. januar. Her vil det også komme video frå gudstenesta søndag 5. januar.

For å finna det arrangementet du er på jakt etter, klikk på ikon oppe til høgre eller på pil høgre/venstre i videoen.

Du kan også sjå videoen her.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opningsfesten og aktivitetane:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Glesnesrevyen; Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Pressetreff med ordførar Tom Georg Indrevik, statsminister Erna Solberg og kommunedirektør Rune Lid. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Øygarden FK hadde sitt første oppdrag i dag og slo Sund FK i ein vennskapleg kamp i futsal.  - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Nøkkelløpet; oppvarming. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Rikke og Rune Berg fullførte løpet på fem kilometer.  - Klikk for stort bilete