Båndtvang for hund heile året

Golden retriever  - Klikk for stort bilete I Øygarden gjeld båndtvang heile året!

Ikkje alle er klar over at det er båndtvang for hundar heile året. Det er viktig å respektera denne lokale forskrifta.

Båndtvang også på Hernar - Klikk for stort bilete I Øygarden er det mange som har beitande sauer i utmarka heile året. Er du ivrig turgåar møter du kanskje på dei. Vi har og eit rikt fugleliv med våtmarksområder som er freda.

Det er lett å gløyme at det ikkje er alle born og vaksne som er like begeistra for å få ein stor, vilter hund mot seg, dersom dei ikkje er van med det.

Lov om hundehold (hundeloven) seier at "frå og med 1. april til og med 20. august skal en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerdet eller innestengt, slik at ikke den kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo."

Øygarden kommune har eiga forskrift om båndtvang, gjeldande for heile året, vedtatt av kommunestyret den 28.02.2001.

Forskrift for Øygarden (PDF, 179 kB)

Lov om hundehold - informasjon

Hundeloven

Publisert av Ingunn Teigen - tekst og bilete. Sist endra 20.01.2017
Fann du det du leita etter?