I vedtaket heiter det at barnehagemyndet i Øygarden kommune sjølv tek ansvar for rettleiing og tilsyn med alle barnehagane i eigen kommune. Etter framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista vart det samrøystes vedteke eit tilleggspunkt om å be om årleg orientering om tilsyn som har vore gjennomført, avvik som er avdekka og kva tiltak som er sette i verk.
Bakgrunnen for saka er at kommuneadministrasjonen etter tilsyn for Statsforvaltaren har endra metodikk og praksis for tilsyn. Askøy kommune har kome til same konklusjon. Endringane fører til at det ikkje lenger er tenleg å delegera oppgåvene knytt til tilsyn til ein annan kommune.
Startar arbeid med nye planar
Utvalet vedtok å starta opp arbeid med bustadsosial temaplan, slik det går fram av saksutgreiinga. Det same gjeld arbeid med strategisk plan for kultur og frivilligheit i Øygarden kommune 2023-2027.
Budsjett og økonomiplan
Råd og utval er no inviterte til å koma med innspel til budsjettet før kommunedirektøren legg fram innstillinga. Ungdommens kommunestyre, råd for menneske med funksjonsnedsetjing (RFF) og eldrerådet gav i sist veke uttale til budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026.
Utval for levekår tok saka til orientering.
Krisesenter for kvinner
UTL behandla eit spørsmål stilt i kommunestyret i mai 2022 om krisesenter for kvinner. På møtet i UTL var det gjeve informasjon ved konstituert kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta. Utvalet tok informasjon frå administrasjonen, gjeve i møtet, til orientering. I tillegg bad utvalet om at krisesenteret årleg orienterer om drift og status og svarar ut dei spørsmåla oversendingsforslaget reiser.
Tiltak for å motverka negative konsekvensar av pandemien
Kommunestyret vedtek at midlane vert brukt etter planen som vert skildra i saka.
Utdanningsdirektoratet har løyvd 881 512 kroner til skular og barnehagar i Øygarden for å motverka negative konsekvensar av pandemien. Administrasjonen har, etter drøftingar med pedagogisk psykologisk teneste, konkludert med at størsteparten av beløpet skal brukast på ungdomsskulane, og at barnehage nyttar ubrukte midlar frå 2021.
Kulturskule for alle - inspirasjon til deltaking
UTL tar saka til orientering og ber kommunedirektøren koma tilbake til saka i budsjettarbeidet for 2023.
Tekst og foto: Vigleik Brekke