Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Avduking av blå korall på Ormhilleren

I øsande, pøsande Øygardshøstvær møtte om lag 40 ivrige turgåarar til guida tur med avduking av kunstverket Blå korall som avslutning. Kunstverket er utforma av kunstnar og keramikar Helene Kortner og ligg heilt nede ved sjøkanten i Ormhilleren friluftsområde, som blir forvalta av Bergen og Omland Friluftsråd, og gir ein ny oppleving i dette populære turområde.

Oppmøtte turgåarar på veg ut til avduking av Blå Korall - Klikk for stort bileteOppmøtte turgåarar på veg ut til avduking av Blå Korall

Om Blå korall

Blå Korall er ei lita sjøformasjonsreise, som er open for mange tolkingar og assosiasjonar på tvers av aldersgrenser. Verket består av fleire skulpturar, som er glasert handbygga tysk steingods. Kunstverket er, saman med to andre som avdukast våren 2022, ein del av prosjektet Nye Perler i Nordsjøløypa som har som mål å blåse liv i Nordsjøløypa i heile kommunen og å vera ein felles raud tråd i arbeidet med identitetsbygging rundt kystkultur i den nye kommunen.

Blå korall i friluftsområde Ormhilleren - Klikk for stort bileteBlå korall i friluftsområde Ormhilleren

Øygardskjennarar

I same prosjekt har vi utdanna Øygardskjennarar som er turguider med lokalkunnskap om historia bak mange av dei populære turmåla. På denne turen hadde vi med oss to Øygardskjennarar som fortel litt om historia på Ormhilleren med blant anna restar etter vikingskip og korleis sjøen var den viktigaste ferdselsåren før det vart bygd bilvegar.

Øygardskjennarar guidar turen frå parkeringsplassen og ned til friluftsområde. Det blir fortalt om historiske ferdselsruter og funn av vikinggjenstandar i område.  - Klikk for stort bileteØygardskjennarar guidar turen frå parkeringsplassen og ned til friluftsområde. Det blir fortalt om historiske ferdselsruter og funn av vikinggjenstandar i område.

Kulturleiar heldt tale

Turen vart avslutta ved kunstverket der kulturleiar Christel Møvik-Olsen heldt tale og fortalde om prosjektet. Vidare takka ho kunstnaren for kunstverket, Bergen og Omland Friluftsråd for bruk av området og dei frammøtte som fekk ein kopp medvarm gløgg i ruskeværet. 

Her finn du meir informasjon om turar og opplevingar i Øygarden kommune.


Tekst og foto: René Aasnæs