Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Aukar ramma til Sotrasambandet

I framlegg til statsbudsjettet føreslår regjeringa å auka ramma for Sotrasambandet med 3,6 milliardar kroner til 23,1 milliardar kroner. Dette inneber at prosjektet kan gjennomførast som planlagt.

Ill. Statens vegvesen - Klikk for stort bileteIll. Statens vegvesen 

I budsjettet for 2022 er det sett av eín milliard kroner til OPS-prosjektet (OPS: Offentleg- privat-samarbeid). På grunn av kostnadsauke føreslår regjeringa å endra på finansieringsmodellen der blant anna årleg betaling for tilgjenge i driftsperioden vert redusert frå 25 til 15 år. Kostnadsauken skal fullt ut dekkjast med statlege midlar.

Ein konsekvens av dette er at bompengebidraget vert redusert tilsvarande og er no rekna til om lag 6,4 milliardar kroner (2022-kroner).  Endringane i bompengeopplegget fører ikkje til endringar for takst, innkrevingstid og garanti.

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over at staten dekkjer ekstrakostnadene med prosjektet.

- Framlegget til statsbudsjett inneber at ein kan gå vidare i planlegginga av prosjektet og signera avtale med aktøren som har fått oppdraget med prosjektet. Det er også gledeleg at ekstrakostnaden ikkje belastar trafikantane, seier ordføraren.

Når det gjeld tilskot knytt til byvekstavtale for fem kommunar bergensområdet 2019-2029 er det sett av midlar til kulvert i Idrettsvegen på Straume. Totalt er det sett av om lag 84 millionar kroner til gang-, sykkel- og kollektivtiltak på kommunal og fylkeskommunal veg, transport i byområde. Midlane skal mellom anna nyttast til vidare av utbygging av prosjekta infrastruktur Paradis i Bergen og kulvert i Idrettsvegen i Øygarden kommune.

CO2-fangst og lagring

Regjeringa føreslår å løyva 3,45 milliardar kroner til Langskip som er det norske demonstrasjons­prosjektet for fullskala CO2-handtering. Prosjektet omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Transport- og lagringskapasitet som skal byggjast og drivast av Northern Lights. Northern Lights skal frakta flytande CO2 med skip fra fangstanlegget i Brevik til ein mottaksterminal i Øygarden. CO2 vert så pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.

Styrkjer kommunesektoren

Regjeringa føreslår å gje kommunesektoren ein vekst i frie inntekter på to milliardar kroner i 2022. Kommunane får 1,6 milliardar kroner av desse. 100 millionar kroner er sett av til satsing på fleire barnehagelærarar.

Anslaget for frie inntekter for Øygarden kommune er 2,3 milliardar kroner som er ein nominell verkst på 1,9 prosent frå 2021 til 2022. Skatteinntektene for Øygarden kommune er rekna til 1,28 milliardar kroner inkludert inntektsutjamning. Her kan du lesa nøkkeltal for Øygarden kommune.

Her er brev frå Statsforvaltaren til kommunane i Vestland. (PDF, 120 kB) Talgrunnlag. (PDF, 78 kB)

Tekst: Vigleik Brekke