Arbeidsverkstad og kommunestyremøte

Tysdag 1. juni skal kommunestyret behandla dei sakene som var utsette på kommunestyremøtet den 20. mai.

Frå møtet den 20. mai. - Klikk for stort bileteFrå møtet den 20. mai.  

Dagen startar med arbeidsverkstad klokka 09.00 med samfunnsdelen til kommuneplanen som tema. Også råd for menneske med funksjonsnedsetjing, eldrerådet og ungdommens kommunestyre deltek på arbeidsverkstaden.

Mellom sakene som vert behandla frå klokka 15.30 er prosess og fullmakt for rekruttering av ny kommunedirektør og oppfølging av tilstandsrapport for grunnskulen.

Her er sakslista:

  • Prosess og fullmakt for rekruttering av ny kommunedirektør
  • Orienteringssak: Oppfølging av kommunestyresak 057/20, Prioritering av planoppgåver
  • Flytting av lån
  • Avviklingsrekneskap for Øygarden brann og redning IKS
  • Plan for tiltak - Oppfølging av tilstandsrapport for grunnskulen 2019-2020
  • Justering av reglement for møte, med omsyn til oversendingsframlegg og
  • Årsmelding 2020 for kontrollutvalet i Øygarden kommune

Møtet vert halde i Hjeltefjorden Arena. Møtet vert overført på kommune-TV frå klokka 15.30.

Her finn du innkalling med saksdokument.