Arbeider vidare med etterbruk av Blomvåg skule

Utval for samfunnsutvikling vedtok tysdag at administrasjonen skal arbeida vidare med mogleg etterbruk av Blomvåg skule slik det går fram av saksutgreiinga frå kommunedirektøren.

Gamle Blomvåg skule - Klikk for stort bileteTidlegare Blomvåg skule


Vedtaket vart gjort med sju mot to røyster (Arbeidarpartiet og uavhengig). Fleirtalet var samansett av Høgre, Sotralista, Frp, KrF og Raudt.

I etterkant av nedlegginga av Blomvåg skule har ein arbeidd med mogleg etterbruk av bygget. I saka vert det føreslått å gjennomføra ein moglegheitsstudie for å etablera bustader for unge vaksne med krevjande åtferd. Etablering av bufellesskap med personalbase ved Blomvåg skule vil vera med å dekka behovet for bustader med helsetenester til denne brukargruppa. Det er avsett midlar (1,4 millionar kroner) til ein slik studie i investeringsbudsjettet for 2023.

Mindretalet såg ikkje behov for å bruka 1,4 millionar kroner til ein slik moglegheitsstudie. Dei to medlemene frå Ap og Raudt ba om at det vert sett av areal til ny brannstasjon i områdeplan for Energiparken Sør og at etterbruk av Blomvåg skule og etablering av omsorgsbustader vert oversendt til bustadsosial temaplan for vurdering.

Semje om omprioritering pengar til etablering av trafikksikringstiltak

Utvalet tilrår samrøystes at 10 millionar kroner av overskotsmidlane frå Arseta-prosjektet (Rong) vert overført til etablering av snusløyfe for buss på Torsvik.

Tilrådinga vart gjort etter framlegg frå Høgre, Frp, Sotralista og KrF. Det heiter vidare i tilrådinga at ein tek vekk dei tre nordlegaste busskura på austsida av vegen på Toftøyna, etter at den nye snusløyfa er etablert og teken i bruk. Torsvik vert då sentralstopp for Torsvikområdet. Ein skal arbeida vidare med å finna midlar i lag med aktørar som fylkeskommunen med fleire, til å realisera ei trafikksikker snusløyfe for buss på Vik, Toftøy. Utvalet peikar på at det ligg ferdig regulert område på Vik til dette formålet.

Vidare skal ein arbeida vidare opp mot fylkeskommunen og Skyss med strekninga Tjeldstø-Ågotnes for å kunna realisera trafikksikre kollektivstopp langs denne traseen. Ein skal også gå i dialog med fylkeskommunen og Skyss for å finna ut kva som skal til for å ta i bruk den nye bussløyfa på Solsvika.

Utvalet slutta seg også til eit framlegg frå Raudt om å oppmoda fylkeskommunen å vurdera ei mellombels reduksjon av fartsgrensa til 60 kilometer i timen fram til nytt busstopp står klart.

Opprustar Kolltveit skule

Utval for samfunnsutvikling vedtok samrøystes å be administrasjonen arbeida vidare  med opprusting av Kolltveit skule i tråd med innhaldet i saka.

Sidan 2014 har elevtalet på Kolltveit auka og med det også talet på tilsette. Eit forslag om påbygg med ny personalavdeling viste seg verta vesentleg dyrare og meir komplisert enn det som var lagt til grunn.

I saka frå kommunedirektøren er det lagt fram ei skisse som ikkje aukar det totale arealet ved skulen. Det er framlegg til ombygging av bygget frå 1975/2004 for å få fleire, men mindre klasserom samt betre tilpassa areal for tilsette. Det opphavlege budsjettet var på åtte millionar kroner.

Som konsekvens av at det ikkje var mogleg å løysa oppgåva innanfor denne summen, er det bedt om ei tilleggsløyving på 12,5 millionar for 2023, inklusive meirverdiavgift. Denne summen ligg i budsjettframlegget frå kommunedirektøren for 2023.

Offentleg ettersyn av kommunedelplan for vatn, avlaup og overvatn

Utvalet vedtok med sju mot to røyster (Ap og uavhengig) å leggja framlegg til kommunedelplan for vatn, avlaup og overvatn 2022 - 2034 ut til offentleg ettersyn.

Mindretalet ville mellom anna at planen skulle sendast til kommunestyret for gjennomgang før høyring.

I drøftinga av saka sa utvalsleiar Andreas Kallekleiv at han forventar ein god høyringsrunde og at det bør leggjast inn ein folkemøte om planen i januar.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland