Arbeider med å betra forholda for rørslehemma
På onsdag denne veka vart det gjennomført ei synfaring i Straume-området. Målet var å synleggjera hindringar som gjer det vanskeleg for rørslehemma å ta seg fram i området. Leiar i rådet for menneske med funksjonsnedsetjing (RFF), Ernst Einarsen, er svært godt nøgd med synfaringa.
Frå venstre; Margunn Bratland, Willy Sørensen, Hans Jørgen Fjeld, Terje Dolvik, Svein Otto Jacobsen og Tom Georg Indrevik.
Etter at Einarsen i kommunestyret før ferien tok opp spørsmålet om synfaring i Straume-området, inviterte ordførar Tom Georg Indrevik til synfaring.
Bakgrunn er at fleire har teke kontakt med RFF med ønske om å få synleggjort synspunkt og behova til personar med funksjonsnedsetjing og at dette vert teke omsyn til i kommunale avgjerder.
- Det var svært nyttig at det var representantar for både brukarar og pårørande med på synfaringa. Det gjorde at vi fekk fram ulike syn på nokre av dei hindringane som vi fann langs den aktuelle strekninga. Dette med vegar og ansvar er komplekst då det omfattar både fylket, kommunen og private, men vi har no fått eit godt grunnlag for å få betre forhold for denne gruppa på kort sikt, seier Ernst Einarsen.
I tillegg til ordførar og leiar av RFF deltok Svein Otto Jacobsen, Willy Sørensen, Hans Jørgen Fjeld, Margun Brattland og Terje Dolvik på synfaringa.
Det vart dokumentert behov for å utbetring på ei rekkje konkrete stader i området.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ernst Einarsen
Publisert 14.08.2022 13.48