Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Anne Erdal vert kommunalsjef for Økonomi og organisasjon

Anne Erdal, som no er kommunalsjef for Økonomi, vert kommunalsjef for Økonomi og organisasjon.

Anne Erdal - Klikk for stort bileteAnne Erdal Jøran Ingvaldsen  


Ny administrativ organisering for stab og støtte vart vedteke i arbeidsmiljøutvalet  (09.03.21) og administrasjonsutvalet (11.03.21).

Som følgje av omorganisering av stab og støtte, vert to kommunalsjefområde slått saman til eit kommunalsjefområde. Arbeidsgjevar har vurdert at det ikkje føreligg rettskrav til den nye kommunalsjefstillinga. I samband med arbeidsgjevar si plikt til å vurdere «anna passande arbeid» ønskte dei to berørte kommunalsjefane for Organisasjon og digitalisering og Økonomi å verte vurdert for den nye kommunalsjefstillinga.

HTV har delteke i prosessen og stadfestar at det er gjennomført ei rettferdig og objektiv vurdering av dei to berørte kommunalsjefane, og at prosessen har vore i tråd med lov og avtaleverk.

Etter ei samla vurdering har kommunedirektøren innplassert Anne Erdal som kommunalsjef for Økonomi og organisasjon. Ho går inn i rolla som prosjektleiar for implementering av ny administrativ organisering av stab og støtte frå og med 04.05.21.

Neste fase vert å ta avgjerd om prosess for leiarar på nivå 2.

Omstillingsarbeidet vil ta noko tid, så det er viktig at alle medarbeidarar held fast ved dagens organisering, oppgåver og arbeidsplass inntil den nye organiseringa er operativ. Målsettinga er at tilsette skal ha fått avklart ny rolle/funksjon i ny administrativ organisering innan 1. juni 2021.