Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Anita Mannes vert dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF

Anita Mannes (47) er tilsett som dagleg leiar i det kommunale føretaket, Øygarden næringsutvikling KF. Ho kjem frå stillinga som manager i Connect BAN Bergen. Ho tek til i stillinga 1. januar 2021.

Anita Mannes - Klikk for stort bileteAnita Mannes 

Anita Mannes ser fram til å ta fatt på jobben som dagleg leiar i det nyoppretta Øygarden næringsutvikling KF.

- Eg er supert motivert og veldig gira på å ta fatt i stillinga. Eg har drive med næringsutvikling i 10 år. I denne jobben skal eg vera med og operasjonalisera planar og ha eit tett og godt samarbeid med ordførar, kommunedirektør og Vest Næringsråd, seier Mannes.

I den nye jobben vil ho prioritera å verta kjent med næringslivet og kva ressursar som finst. Ho viser til viktige utbyggingsprosjekt i området i tida som kjem og nemner karbonfangst, Sotrasambandet og flytting av godshamna til Ågotnes som døme på dette.

- Det er viktig å byggja strategiske nettverk og få alle til å skina. Alle bedrifter er viktige, men samstundes må vi fokusera på prosjekt som kan gje mange arbeidsplassar, seier den nye daglege leiaren.

Ser fram til godt samarbeid

Styreleiar i Øygarden næringsutvikling KF, Kurt Rune Andreassen, er glad for at utviklingsselskapet har fått tilsett den beste kandidaten til stillinga.

- Det var fleire kvalifiserte søkjarar til stillinga. Anita Mannes har god bakgrunn for dei oppgåvene ho vil få som dagleg leiar for selskapet. Styret ser fram til eit godt samarbeid der målet er å setja Øygarden kommune endå sterkare på kartet når det gjeld næringsutvikling, seier Andreassen som også gler seg over at det er tilsett ein kvinneleg leiar av selskapet.

Anita Mannes har MBA i strategi og leiing frå Norges Handelshøyskole (Master of Business Administration). Ho har også bachelor i kommunikasjon frå University of Washington og er no manager i Connect BAN Bergen. Ho har også bakgrunn som eigedomsutviklar, bedriftsrettleiing og erfaring med innovasjons- og omstillingsprosessar.

Øygarden næringsutvikling er eit kommunalt føretak i Øygarden kommune. Formålet til føretaket er å stimulera og leggja til rette for næringsutvikling i privat og offentleg verksemd i Øygarden kommune. Føretaket skal medverka til etablering av nye arbeidsplassar i regionen, samt å vidareutvikla dei eksisterande. Føretaket skal fungera som næringseininga til Øygarden kommune.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat