Det var altså reine folkevandringa frå utgangspunktet ved Blomvåg kyrkje. På til dels glatte berg og sørpete myr tok folk seg fram. Dei som vart best til å telja, meinte det var meir enn 500 personar til stades då ordførar Tom Georg Indrevik offisielt kunne opna dagsturhytta med jublande barn rundt seg. Frå før har Øygarden dagsturhytte langs Kyrkjevegen mellom Foldnes kyrkje og Hjelteryggen (Larslia). Seinare kjem det dagsturhytte på Veten sør i kommunen.
Ordføraren viste til at historia til dagsturhyttene har sitt opphav i gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune. Han som kanskje har lagt mest tid ned i dette lokale prosjektet og Planteskogen er Heine Ruben Hammer.
- Han kontakta to lokale fylkespolitikarane som Symphorien Pombe og June Vibecke Indrevik. Men det er også mange andre som fortener ros og takk i dag. Eg vil på vegner av oss alle seia tusen takk til Vestland fylkeskommune, sponsorar, kulturavdelinga og grunneigarar, og ikkje minst alle som har bidrege med dugnadstimar, sa ordføraren som presenterte vinnaren av namnekonkurransen, Rigmor Hernar Hammer. Ho var den heldige blant dei ni som hadde føreslått Rambua som namn.
Ordføraren inviterte fram mange som har bidrege i dette dagsturhytteprosjektet; Ole Mikkelsen, Oddvar Sæther, Kåre Kristoffersen, Heine Ruben Hammer, Håkon Widding, Tomas Sæle, Jostein Berntsen og Tomas Sæle. Frå kulturavdelinga i kommunen har kulturminne- og friluftsrådgjevar Julie Berge Westlye hatt ei sentral rolle.
Flåten og Knarvik Vel ved Vidar Tverrfjell skal ha ansvaret for vedlikehald på Rambua. Velforeininga har stått for tilrettlegginga og har lagt klopper på stien, strikka tøflar og laga det til inne i hytta. Mange av av dei frivillige som har vore med å bygd hytta, kjem frå velforeininga.
Over 500 personar tok turen til Rambua opningsdagen.
Kor i Øygarden med dirigent Marthe Melheim i spissen framførte tre vakre songar og gav heile arrangementet ei vakker ramme.
Veronica Storebø hadde meg seg fleire barn på denne fantastiske dagen med nydeleg utsikt ut mot havet.
- Vi bur på Knarvik i Blomvåg. Her er nydeleg. Både i dette prosjektet og Planteskogen har ikkje minst Heine Ruben Hammer gjort ein stor innsats og stått i bresjen for dette. I romjula var vi her ute. Då kunne vi ta av oss yttertøyet og skoa og koma oss inn i hytta. Vi kjem til å ta mange turar ut hit, seier Veronica.
Frå venstre; Selina, Mathilde, Oliva og Veronica Storebø.
Leiar i hovudutval kultur-, idrett og inkludering i Vestland fylke, Stian Jean Opedal Davies, gratulerte innbyggjarane med hytta.
- Denne hytta har sett ein fantastisk rekord både i Rogaland og Vestland då det kom inn over 150 forslag til namn på denne hytta. Det kan henda oppmøtet her i dag også er rekord. Ta vare på hytta som di eiga stove, ta av deg på beina og hald hytta rein og ryddig. La oss alle verta tilsynsvakter, sa han.
Den lokale allvitaren Johannes Mikkelsen gav dei frammøtte den lokale historia om Blomvåg.
- Levegrunnlaget og livsgrunnlag her ute har alltid vore havet, fiske og fangst. Frå 1912 til midten på 50-talet var kvalstasjonen i drift. Dette gav kjærkomne inntekter til alle som hadde arbeidet sitt der. Livet på Blomøy har vore prega av armod, slit og kamp for levebrødet. Me var husmenn, leiglendingar og levde enkle liv. Om me hadde så visst ikkje tid til overs, verken til å laga turstiar eller å etablera hytte ut på høgaste nutar, sa han.
Rambua er teikna av Rojo Arkitekter AS, bygd av Stad Kystbygg AS. Det er gjeve tilskot frå Norsk Tipping, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Eviny. Andre aktørar Stan Jean Opedal Davies frå fylkeskommune trekte fram var Statsforvaltaren, Rambogens Venner, Planteskogen, Sotra og Øygarden Turlag, Jan Sem Olsen og Julie Berg Westlye.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: